Redd mangfaldet - kjøp norsk

KinnFest 1. juni 2018: Konsertar, god mat og drikke ute ved Kinn Bryggeri

KinnFest 1. juni 2018: Konsertar, god mat og drikke ute ved Kinn Bryggeri Foto:

Av
DEL

LesarbrevSosiale medium blir no fylt av vitsar om Corona-øl. Galgenhumor er bra, men for norske bryggeri er situasjonen slett ingen spøk. Den er derimot allereie djupt alvorleg.

Dei siste åra har utviklinga i norsk bryggeribransje vore eit eventyr. Mangfaldet har eksplodert. I dag blir det bryggja meir enn 2500 unike norske øl og eit veksande tal sidervariantar på 140 - 150 anlegg over heile landet. I vår region har vi mange bryggeri som er sprunge ut av den nye handverksølbølgja. Berre i gamle Sogn og Fjordane finn vi Ægir, Tya, Turken, Balder, Olden, Kvernafossen, Skifjorden og lengst vest Kinn Bryggeri. I tillegg har vi siderprodusenten Balholm, som i desse dagar drar i gang eit større sidermiljø i Sogn. No er det stor sjanse for at heile dette mangfaldet er sterkt truga.

Vi støttar styresmaktene sine tiltak for å avgrense koronautbrotet, og vi tar vår del av dugnaden. Liv og helse må komme først. Samtidig blir bransjen no ramma svært hardt økonomisk. Stenging av uteliv, avlysing av konsertar og festivalar og full stopp i reiselivet har gjort at norske bryggeri over natta mista ein stor del av omsetninga. For mange av oss er dette kritisk for verksemda. No er det avgjerande at politikarane held det dei lovar og kjem med raske tiltak.

Du som forbrukar kan òg bidra. Du støttar arbeidsplassar og verdiskaping i ditt eige nabolag om du kjøper sider og øl frå ditt lokale bryggeri i staden for importert vare. Og samtidig nyt du smaken av eit fantastisk mangfald! Vi meiner ikkje at du skal drukne dine sorger i glaset. Men når du likevel skal handle øl eller sider: Vel norsk, støtt ditt lokale bryggeri!

Kinn Bryggeri, Florø

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags