No treng vi satsing og utvikling, ikkje stillstand og depresjon

Vi må heie på byene og alle grendene i kommuna, alle som vil noko, som vil skape noko, sette farge på noko og som ser nytten av å samarbeide!, skriv Martin Hagen.

Vi må heie på byene og alle grendene i kommuna, alle som vil noko, som vil skape noko, sette farge på noko og som ser nytten av å samarbeide!, skriv Martin Hagen. Foto:

Av

Er det to ting vi treng, så er det dugnadsånd og satsing!

DEL

Lesarbrev(Dette innlegget er skrive delvis som ein respons på Jan Arve Midtbø sitt intervju om revidert budsjett med Firdaposten 30.05.2020) No startar kampen om budsjett-kronene: – Vi vil droppe storhall og symjeanlegg

Alle som følger med i bygdene og byane rundt om i Kinn kommune ser at dugnadsånda lever i beste velgåande i kommunen vår. God oppfølging frå kommunen si planavdeling samstundes med mange som ønsker å satse, gjer også at både planlegging av nye prosjekt og byggeaktiviteten rundt om er aukande. Dette kan fort utvikle seg til å bli eit byggeboom og nødvendig fornying også i sentrumsgatene i kystkommunen. Med historisk lav rente vil kommunen sine store prosjekt kunne belaste drifta langt mindre i åra som kjem enn mange har frykta.

Er det to ting vi treng etter ei periode der verden har stoppa opp, folk har blitt permitterte og bedrifter sårt treng aktivitet; så er det dugnadsånd og satsing!

Vil virkelig Midtbø i Kinn Senterparti seie nei til et nytt svømmeanlegg i Måløy og ny fotballhall i Florø i ein slik periode?

Dette er to utruleg viktige og breie dugnadsprosjekt i kystregionen vår. Midtbø seier i så fall potensielt nei til 32,7 millionar kroner i spelemidlar frå staten, nei til 10 millionar kroner i støtte fra fylkeskommunen, nei til 9,8 millionar ekstra spelemidlar på grunn av Kinn-samarbeid, nei til 52,3 millionar i mva-refusjon men det verste av alt:
Nei til 75-85 millionar dugnadskroner frå privatpersonar, bedrifter, lag/organisasjonar og utallige frivillige som har stått på i timesvis over heile Flora og Vågsøy for å samle inn midlar til å utvikle lokalsamfunnet. Det er lett å bli fartsblind på dette talet. At ein har klart å få inn så mykje er heilt fantastisk.

Vurderer altså Senterpartiet å seie nei til potensielt 189,8 mill kr i dugnadskroner til bruk for kommune og innbyggarar for å utvikle betre idrettstilbod, svømmetilbod, sentrumsutvikling og aktivitet vi aldri har hatt før i vårt område? (Og ja, eg kallar også statlege insentiv og støtteordningar for dugnadskroner som del av spleiselaget.)

Eit svømmeanlegg plassert i sentrum vil gi store synergiar. I dag reiser mange til Fosnavåg, Ulsteinvik, Loen eller Sandane med barna sine for å bade. Tilreisande til eit svømmeanlegg i Måløy vil gjerne også ta seg en tur i gata og legge att pengar i butikkane og gjerne benytte det rike mattilbodet i byen når dei kjem reisande for å bade. For reiselivet, småbåthavna, campingen, Måløyraidsenteret, restaurantar/kaféar, butikkane og hotellene vil eit topp moderne svømmeanlegg i gangavstand gjere det langt meir attraktivt å besøke dei og skape muligheiter for gode pakketilbod og større aktivitet i sentrum. Dette vil også generere skatteinntekter til kommunen. Om ein aldri skal satse, så vil ein heller ikkje auke inntektene til kommunen i form av nye innbyggarar og auka aktivitet – bare tenk på rignverknadane av store byggeprosjekt for lokalt næringsliv og for eit bysentrum med fleire besøkande.

Svømmeanlegget ligg sentralt og nær både hurtigbåt og busstilbdd. Anlegget vil skape nye arbeidsplassar og vere langt meir ope for alle aldrar. Difor er synergiane langt større i sentrum av Måløy enn om ein skulle bygd eit mindre svømmebasseng for eksempel ved Skram Skole der anlegget blir liggande meir åleine og gir mindre synergiar.

Ein ser av prisen på opprusting av basseng i blant anna Selje at Kinn (som Midtbø nemner som alternativ) mulig må ut med mykje pengar også på Skram for å lage til eit lite basseng som ikkje vil ha kapasitet til meir enn nokre elevar og svært lita moglegheit for billettinntekter frå andre besøkande. På same måte gir ein ny storhall i Florø store synergiar ved å frigjere areal i idrettshallen til alle dei andre idrettane samtidig som ein får store nok flater til å dekke fotballen sine behov.

Midtbø nevner også tre grendeskular.
Ein bør også sjå om det fins smarte alternativ til nedlegging av dei tre skulane. Coronasituasjonen har vist at det fins digitale verktøy og nye måtar å gjere ting på som kan effektivisere utan å sentralisere. Det krev i så fall samarbeid og kreative forslag om nye løysingar også på grendeskulane. Kanskje kan det utviklast pilotar som blir forbilde for grendeskular landet over.


Det er utfordrande tider i heile Norge, men det verste ein kan gjere er å stoppe opp og droppe planer med store synergier for lokalsamfunnet. Det er no vi må stå saman og løfte kvarandre fram!

Martin Hagen


Om Midtbø si haldning er at han er trygg på at grendeskulane skal bestå på grunn av samarbeidsavtalen, men lett kan kaste fantastiske dugnadsprosjekt som Nordfjordbadet og Storhallen (som er del av intensjonsavtalen) over bord, så er eg redd han kan ende opp med å skyte seg sjølv og grendeskulane i foten.

I Skavøpoll har ein ei barnehageavdeling på 4-hjul som blir kjørt ut i naturen og bygdene med ein barnehagebuss før dei månaden etter vekslar med ei anna avdeling i barnehagen. På denne måten får ungane meir tid i den vakre kystnaturen vår og ein sparar pengar på det samtidig. No er det kanskje ikkje dette som passar best for undervisning på skular, men det viser at det fins andre løysingar. Eit anna godt eksempel på kva ein får til når ein løftar saman er nærbutikkane på Svanøy og i Stavang der ein i samarbeid mellom lokalt næringsliv, lokalsamfunn og kommune klarer å bevare distriktsbutikkane, på Svanøy bur det 50 personar!
Kanskje ein kan gjenbruke materialer ein plukkar ned fra eit riveprosjekt og bruke dei i ein ny brannstasjon, i Nordfjordbadet, som brustein i Gate 1 eller noko anna som gir det nytt liv. Vi må tørre å tenke nytt og heilhetlig!

Eg opplever Jon Valur Olafsson
i Senterpartiet som ein løysingsorientert, vaken politikar som ser framover. Eg håper også Midtbø vil ha ei løysingsorientert haldning i forhandlingane i revidert budsjett. Midtbø er frå ei lita bygd slik eg sjølv er, og veit kor viktig dugnadsånda er for å få til ting. Ein kunne kanskje difor forventa ei meir positiv haldning etter det enorme dugnadsarbeidet som er lagt ned av frivilligheita og idretten i Måløy og Florø-området.

Det er utfordrande tider for kommunar og fylkeskommunar i heile Norge, men det verste ein kan gjere er å forlenge den perioden ved å stoppe opp og droppe planer med store synergier for lokalsamfunnet. Det er no vi må stå saman og løfte kvarandre fram!


Vi må heie på byane og alle grendene i kommunen, alle som vil noko, som vil skape noko, sette farge på noko og som ser nytta av å samarbeide! Aktivitet i sentrumsgatene i Florø og Måløy er nødvendig og bra. Å bygge eit nytt rådhus og flytte 160 arbeidsplassar inn i Strandgata vil vere ei smart investering og ei solid 160-årsgave til byen. Derfor heiar eg på det og er glad for at Midtbø gjer det same.

Med det lave rentenivået har vi akkurat no ei historisk mulighet for å satse. I ein periode der vi skal opne opp og bygge opp igjen samfunnet vårt, så treng kommunen å gå føre, men den treng også forståing og draghjelp fra resten av samfunnet etter ein uvanleg tøff og utfordrande periode. Prosjekta som har bygd kystsamfunna våre til det dei er no, har kravd hardt dugnadsarbeid - ofte i tett samarbeid mellom grendelag, kommune, bedrifter, frivillige og innbyggarar elles. Vi bygde Måløy-brua, vi bygde Florø stadion og rådhus, vi bygde skular og hamner på kvart eit nes. Det var ikkje slik at kommunen var steinrik på den tida heller, men ein løfta og jobba tett saman på tvers av lokalsamfunnet.

Eg oppmodar alle til å reflektere over korleis ting vart gjort i desse prosjekta og tenke over; kva kan eg gjere for lokalsamfunnet mitt, kva kan vårt grendelag, klubb eller organisasjon bidra med for å skape ein betre kommune og eit betre fellesskap.
Vi må løfte oss ut av coronakrisa saman, få i gang aktiviteten i bedriftene våre og vise kva vi kystfolk er laga av. Vi må vise verda at vi kan meir enn å krangle.

No treng vi dugnadsånda og smarte løysingar for å få fart på kystsamfunna våre - det krev satsing og utvikling, ikkje stillstand og depresjon!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags