Ytringsansvar

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.La ein ting vere klart: Det at Geir Oldeide opplevde å bli spytta på i 70- og 80-åra, slik han fortel om i Firdaposten, var overhovudet ikkje bra. Men, det er ikkje ein grunn til at det er greitt for nokon å utsetje andre for stygge ting i dag. At nokon ein gang i tida var slem med deg, eller at det var tøff tone i gamle dagar, gir ikkje deg rett til å gå rundt å vere slem med andre i dag. Vaksne folk bør heller ta lærdom frå eigne erfaringar og sikte mot, og jobbe aktivt for, at andre ikkje skal bli utsett for vonde opplevingar. Eg håper verkeleg ønsket om eit stadig betre samfunn og stadig betre oppførsel blant menneska er sterkare enn eit ønske om hemn og gjengjelding.

Internett har både gode og dårlege sider, det er vi alle klar over. At Internett og sosiale medium spelte ei viktig rolle i den arabiske våren, gjer det ikkje greitt å bruke dei til å hetse andre. At noko kan brukast til noko positivt, gjer det ikkje legitimt å bruke det til noko negativt. Ord kan også brukast konstruktivt eller øydeleggande. Mitt håp er at fleire kan bruke dei konstruktivt framover.

Og, som Oldeide trekk fram, med Internett er det lettare å ytre seg, og dette kan seiast å styrke demokratiet. Men, med ytringsfridom kjem også ytringsansvar. Tar ikkje kvar enkelt av oss sitt ytringsansvar alvorleg, så vert demokratiet svekka. Ser du på deg sjølv som eit vaksent, oppegåande, respektabelt menneske, så har du pliktar og ansvar i tillegg til rettar og moglegheiter.

Og du har eit særskilt ansvar for dei som er yngre enn deg. Anten du er føresett, slektning, kjendis eller politikar, så er du ein vaksen og du er eit førebilete for nokon. Dersom du ikkje oppfører deg og utviser normal folkeskikk, så vil ikkje dei som kjem etter deg gjere det heller. Kva slags samfunn får vi då?

Styrkar ein fritt-fram-for-sterk-ordbruk-latterleggjering-og-personangrep-policy demokratiet? Vel, kor tid såg du sist eit politisk eller samfunnsengasjert innlegg i lokalavisa skrive av ein ungdom? Eller ei kvinne? Eller, begge delar, ei ung kvinne? Sist to av Arbeidarpartiet sine svært oppegåande kvinnelege politikarar hadde eit sakleg innlegg i Fjordenes Tidende om ei samferdslesak, så blei dei karakteriserte som «frøkener», i betydinga «hald kjeft, småfrøkenar» på ei mykje omtalt Facebook-gruppe.
Styrking av demokratiet? Konstruktivt bidrag til debatten? Nei, eg trur ikkje det. Kor mange innlegg har du sett i mellomtida skrive av ein godt vaksen mann?


Og kor mange av dei har blitt latterleggjort med omgrep som «vesle gut» eller «unge mann, dette må du berre halde kjeften om»? Er det berre gubbeveldet som skal få ytre seg, fordi dei toler, og til dels nyter, den såkalla «tøffe» tonen? Eller skal også usikker, prøvande ungdom og kvinner få kome til ordet? Kva er best for demokratiet? Må vi krevje at spesielt utsette grupper skal tilpasse seg den allereie dominerande kulturen, eller kan vi krevje endring? Eg meiner definitivt det siste.

Amnesty har gjort ei undersøking om det å bli utsett for angrep fordi ein ytrer seg i den offentlege debatten. Dei fann:
«Der menn blir angrepet på grunn av sine meninger og argumenter, blir kvinner hetset fordi de er kvinner, ikke på bakgrunn av hva de mener eller kan. Det rammer både den enkelte kvinnen som er utsatt, og skremmer andre kvinner fra å gå inn i debatten. Hetsen er ofte personlig, truende og seksualisert» (Netthets mot kvinner | Amnesty International Norge).

Dette er akkurat det som skjedde med tidlegare ordfører i Vågsøy. Og at Geir Oldeide kan få seg til å definere det som skjedde med henne som «eit par sjofle og harde meldingar» som ho må tole fordi ho var ordførar er hårreisande!
Ho vart ikkje utsett for «sterke reaksjonar», ho vart utsett for hets, noko som førte til sjukmelding, på legens ordre, og innlegging på sjukehus. Dersom Oldeide hadde klart å heve blikket frå sitt eige sinne over å ha tapt i politiske saker, så burde han ha støtta ordføraren, både i den aktuelle situasjonen og seinare, i staden for å kome med slike uttaler som dette.

Nokon hevdar at å krevje normal folkeskikk framfor personangrep og usaklegheit i ytringar på nett er å kneble dei som ikkje er så gode til å skrive. Dette stemmer ikkje. Det er ingen som krev perfekt språk. Det ein krev er at du skriv om sak og ikkje person. Det er heller ikkje slik at alt er greitt så framt det ikkje er omfatta av straffelova.

Argumentet «eg berre spyr ut alle mine tankar om kor forferdeleg du er, og så får du anmelde dersom du ikkje toler det» held ikkje vatn. Du blir ikkje dømt, men du viser i alle fall heile verda at du ikkje eig oppdraging eller folkeskikk.
Der er mange reglar og normer i samfunnet vårt som kan brytast utan fengselstraff, men vi følgjer dei likevel. Igjen, det er ein del av det å sjå seg sjølv som eit vaksent, oppegåande, respektabelt menneske.

Og til Oldeide og Egeberg og andre «høgt respekterte» politikarar eller prominente personar, det held ikkje berre å kome med tome flosklar om at ein må skilje mellom sak og person, når ein samstundes seier at det er greitt med hets, personangrep og latterleggjering av andre berre ein er opprørt nok.

Eller berre offeret er ein politikar eller har ein slags maktposisjon. Då kan det forståast, og då må det tolast. Dei som blir utsett for det må ikkje innta «offerrolla» eller «rope opp om hets» når det «eigentleg var sak» som vart diskutert.


Nei, det må ikkje tolast!
Og det er ikkje sak som blir diskutert når folk vert utsett for latterleggjering og personangrep.
I slike tilfelle er det faktisk ditt ansvar som vaksen å ikkje godta det eller fyre opp under det, men å ta til motmæle og syte føre at dei som ser deg som eit førebilete avgrensar seg til sak i staden for å gå på person.

Eg er ikkje, og har aldri vore, medlem av Facebook-gruppa Nei til Kinn. For det første fordi eg er for Kinn, og aldri ville meldt meg inn i ein organisasjon som er mot, og for det andre på grunn av det debattklimaet som administratorane opnar for, og til dels bidreg til, der inne.
Det er heilt greitt å framleis vere mot Kinn, og å argumentere sakleg for det, men det er ikkje greitt å akseptere, eller støtte med tausheit eller tommel opp, ein del av dei personangrepa som blir publisert der inne.
Er ein medlem av den gruppa, er ein også klar over at talet på medlemmar stadig blir brukt som legitimering av gruppa sin eksistens og verksemd. Ein er også klar over at administratorane har sagt rett ut at dei ikkje modererer innlegg.

Her er det kvar mann for seg sjølv og inga styring på kva som er greitt eller ikkje greitt å skrive. Dette minner meg om ein skulegard der alle dei ansvarlege vaksne har forlatt området. Mobbing er fritt fram. Mange føler seg sikkert uskuldige sidan dei ikkje bidreg aktivt, men dette er faktisk feil. Du er like skuldig når du står og ser på, eller heiar på, at nokon mobbar andre, som når du bidreg aktivt sjølv. At der ikkje er ein ansvarleg vaksen til stades er inga unnskulding. Du må faktisk gripe inn sjølv. Eg håpar dei som står bak gruppa vil ta grep for framtida, og at dei som har valgt å vere medlem vurderer kva dei er med på. I alle fall ein av dei som står bak gruppa møter no som folkevald i Kinn kommune, og bør vere sitt ansvar bevisst.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken