Kjære Fylkespolitikar; Stem på kysten, stem på veg over Terøya!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Val av kystvegtrase, via Grov eller Terøya?

DEL

LesarbrevKjære heldige fylkespolitikar som får være med å ta denne ekstremt viktige avgjersla for kysten.

Vi ber deg : Stem på kysten, og stem på veg over Terøya !

Dessverre er det slik at ein veg over Grov er enklare å bygge ut trinnvis, og dette er eit av hovudargumenta for å velje denne løysinga.

Men det er ikkje eit godt nok argument. Det er det mest samfunnsøkonomiske prosjektet som skal vinne fram, og då er det ikkje tvil om at Terøya er best. Vi ynskjer ein kyststamveg parallelt med skipsleia. Dette er Flora, Vågsøy og ytre delar av Bremanger einig i. Det er kort avstand mellom sentra og nærleik til oljeaktivitet, oppdrettsnæringa og fiskeri som er viktig for at vi skal få næringsutvikling og skape nye arbeidsplassar.

Terøya gjev i motsetnad til Grov :

- Ei brukryssing lengst ute i ein fjord. Dersom vegen skal gå via Grov skal det byggast ei ny bru nokre hundre meter frå Norddalsfjordbrua.

- Vegen gjev ei unik moglegheit til å knyte saman Svelgen, Florø og Måløy, med desidert kortaste reisetider mellom desse stadane.

- Tilgang til nytt gunstig industriareal for Flora kommune, der det allereie er ny straumlinje etablert. Dersom ein ser på utviklinga av Skiparvika og Lutelandet, forstår ein kor viktig det er å få tilrettelagd industriareal for ein kommune.

- Kort veg frå Terøya til bygda Årebrot. Denne bygda vil kunne få reisetid på 15 min til Florø, mot i dag 75 minutt. I dette området ligg det i dag 30 arbeidsplassar, som lett kan aukast med betre infrastruktur.

- Kan bli ein turistveg mot bygdene Botnane og Årebrot. Denne vegen lengst ute med kysten kallar ein Frøysjøvegen, og kan bli ein attraksjon på linje med Atlanterhavsvegen på Møre.

- Slik det fungerer i dag blir Florø isolert når det skjer ras eller ulykker. Dette problemet vert løyst ved å byggje ny vegtrasè.

Vi håpar fylkespolitikarane vil kjempe for distrikta.

Det er jo nettopp distrikta rundt Florø, Bremanger og Vågsøy som kan få ein heilt ny kvardag dersom vi får ein kystveg ytterst ute med havet, nord -sør gåande.

Vi ber deg derfor som politikar å sette deg inn i kva dette har å seie for oss, og håpar du vil stemme for det ytre alternativet.

Det nest beste for oss er å utsette saka.

Ved å velje kystveg over Grov vert det ingen oppsving av verken arbeidsplassar eller busetnad her ytterst ved kysten.

Botnane og Årebrot grendalag har vi i årevis jobba for auka næringsverksemd i grendene våre, noko vi også har fått til. Her er komme eit steinbrot i Seljestokken med ca. 25 arbeidsplassar, og det vert no truleg bygd ein vindmøllepark på Guleslettene, med store ringverknader lokalt, særleg i byggjeperioden. Men vi har store problem med tungvindt infrastruktur, og treng sårt ein kystveg som vil gagne oss. Vi ber deg difor om å vurdere ditt synspunkt på nytt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags