Firdaposten og ulukka i Eikefjord

Gjekk Firdaposten for langt i si dekking av ulukka ved Eikefjord i romjula, spør dei pårørande, og får svaret ja frå redaktør Svend Arne Vee.

Gjekk Firdaposten for langt i si dekking av ulukka ved Eikefjord i romjula, spør dei pårørande, og får svaret ja frå redaktør Svend Arne Vee. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarLaurdag 30. desember 2017 skjedde det ei tragisk bilulukke i Eikefjorden i Flora kommune. To bilar frontkolliderte med store materielle skadar og fleire personar i begge bilane vart hardt skadde. Det vart iverksett full katastrofeutrykking med alle naudetatane til staden. To av dei skadde blei sendt med luftambulanse til hhv Førde Sentralsjukehus og Haukeland Universitetssjukehus med alvorlege skadar der tilstanden blei karakterisert som kritisk.

I etterkant viser det seg at andre trafikkantar/privatpersonar som kom til staden sette i gong med livreddande førstehjelp. Desse er dei verkeleg store heltane i saka. Utøvinga av førstehjelpa som omgåande fann stad redda faktisk liv denne dagen. Dei pårørande er evig takknemlege for denne innsatsen og kan ikkje på nokon måte takke desse nok.

Det er heldigvis ikkje så ofte det skjer slike tragiske ulykker i vårt område som får nasjonal merksemd. Dei pårørande oppleve derimot at Firdaposten/ lokalavisa i denne saka er dei ivrigaste til å publisere eit rikeleg omfang av detaljerte bilde som langt overgår behovet for å dekkje saka. I dette tilfelle så er det både redaktøren sjølv ilag med nyheitsredaktøren som har regi i saka, dvs. i tillegg to av dei mest erfarne journalistane i lokalavisa. 

Spørsmålet som pårørande stiller seg er også om ei lokalavis skal legge seg på ei slik linje ved publisering av tragiske hendingar?

Martin Ramsdal

Som nærast pårørande håpar vi at Firdaposten  kan gjennomgå bildebruken  å vurdere behovet og bruken av bilde og video teke tett på dei skadde, bilar/andre sivile trafikantar. Vår intensjon er at andre pårørande i framtida må kunne oppleve ein meir kompetent og seriøs omtale i media der media viser større aktsemd. Folk flest treng ikkje alle detaljar i ei tragisk hendig smurt i hop med reklamefinansiert video + heil bildeserie og artiklar med opne kommentarfelt der spekulasjonar kan komme før folk får tenkt seg om. Ekstra ille blir det når Firdaposten omgåande må publisere før pårørande er blitt varsla.  Nærast pårørande familie opplever, i likheit med fleire andre i denne saka  at Firdaposten går langt over streken i bruk av fleire detaljerte bilde teke «tett på» frå denne tragiske ulykka i nærområdet. 

 OPPSUMMERT:

- Bildebruken framstår for oss som type sensasjons journalistikk der ein brukar alle middel for å skape blest om avisa og artikkelen basert på ei tragisk hending.

- Bruken av reklamefinansiert video i framkant av videosnutt der helikopter med dei skadde tek av, vert av pårørande opplevd som krenkande. I tillegg publiserte avisa ein biletserie der det var nærbilete av bilen med vårt familliemedlem som får livreddande førstehjelp av helsepersonell utanfor bilen. Blodtrykk kan lesast av på målar, frivillige som kom først til staden er også avbilda, også deira bil og registreringsnummer.

- Det framstår som særs tragisk at Firdaposten set alt dette på trykk omgåande etter ulukka og utan å forsikre seg om at dei pårørande er varsla. Bergens Tidene valde å sladde sitt einaste bilde med teksten sitat: Bildet er beskåret for ikke å vise de involverte kjøretøyene. Det kan være pårørende som ennå ikke er varslet. (først nokre dagar etterpå endra BT tekst og bilde)

- Ingen andre i dei andre nasjonale mediehusa TV2, VG, Dagbladet, BT mm som omtalte saka brukte nærbilde frå situasjonen, men derimot bilde på avstand som viser fleire helikopter, brannbilar, politi, ambulanse mm.

- Bildebruken og fjerning av bilete og reklame i etterkant av publisering framstår for oss som hastverksarbeid utan tilstrekkeleg kvalitetssikring frå Firdaposten og redaktøren si side. Her gjeld det å vere først til mølla og få mest mogeleg merksemd. 

- Firdaposten var og den einaste avisa som opna første omtale av saka med fri tilgang i eige  kommentarfelt. Det opna omgåande for spekulasjonar om årsak, svinekøyring eller billige bilar og dekk. Redaktøren valde å kommentere i feltet etter at pårørande skreiv om mediemerksemda men valde å behalde kommentarfeltet opent og fritt fram.

- Både redaktøren og nyheitsredaktøren var på ulukkesplassen og hadde regi og styring på saka frå første stund. Har Firdaposten rutinar og gode nok instruksar som sikrar  god kvalitetssikring før publisering?

- Når skadeomfanget og bilde på avstand dokumenterer full katastrofeutrykking med fleire helikopter, brannbilar, sjukebilar og politi så burde det vere tilstrekkeleg å dokumentere for alle lesarane at dette er ei særs alvorleg ulykke det er snakk om.

Spørsmål til Firdaposten v/ redaktør og nyheitsredaktør:

Firdaposten hevdar at Firdaposten (Fp) sitt samfunnsoppdrag og si informasjonsplikt til lesarane står sentralt når avvisa publiserer. Treng då Fp vise at dei skadde personane i bilane får medisinsk nødhjelp? Treng Fp vise usladda bilde av privatpersonar som kjem først på skadestaden ?

Firdaposten legg umiddelbart etter ulykka med video frå skadestaden. Denne videoen var i tillegg «krydra» med ein salsvideo frå MasterCard og nyttig salsinformasjon og fordelane med å kjøpe og bruke MasterCard.

- Er det etisk korrekt i ei slik tragisk ulukke å nytte reklamefinansert video ?

- Er det lovleg å publisere bilde /video av privatpersonar utan først å be om samtykke ?

– Er det akseptabelt å legge til rette for enkelt å identifisere privatpersonar som kjem først på skadestaden ?

– Treng Fp vise resultat av blodtrykksmåling/medisinsk utstyr brukt på dei skadde ?

– Treng media vise blod, på dyne, airbag og asfalt ?

Viss alt dette er ok og innafor det som redaktøren meiner er Firdaposten sitt samfunnsoppdrag og si informasjonsplikt til lesarane:  Er det greitt å kunne gå vidare og neste gong ta bilde av den / dei skadde?

– Ligg det i Firdaposten sitt samfunnsoppdrag og informasjonsplikt å omgåande publisere bilde som meir er å sjå på som teknisk skaderapport frå ulukkesstaden ?  

Det som for oss gjer det ekstra kritikkverdig, er at det er redaktør og nyheitsredaktør som utgjer toppleiinga i avisa og som i tillegg er avisa sine mest erfarne journalistar som har full regi i publisering av saka. Spørsmålet som pårørande stiller seg er også om ei lokalavis skal legge seg på ei slik linje ved publisering av tragiske hendingar? Vi er vel kjend med at slike hendingar vert publisert omgåande på Facebook. Ei lokalavis bør kanskje ikkje ha som mål å konkurrere med Facebook, men heller ha som mål å vere ei seriøs avis.

Sausen av sensasjonsjournalistikk, sirkus, underhaldning og business blir opplevd som ei ekstra belastning i denne type tragiske saker. Det kjem derfor fortsatt til å bli ein trist og ekstra belastning for alle kommande pårørande i framtidige liknande tragiske saker, om ikkje Firdaposten endrar kurs. 

Firdaposten beklagar: - Ja, vi gjekk for langt

- Av Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten

«Spørsmålet som pårørande stiller seg er om ei lokalavis skal legge seg på ei slik linje ved publisering av tragiske hendingar», spør dei pårørande etter Firdaposten si dekkjing av den frontkollisjonen mellom to personbilar på riksveg 5 ved Eikefjord i romjula i fjor.

Spørsmålet er betimeleg, og svaret er nei. Etter gjennomgang av det publiserte materialet (tekst, bilete og video), internt i redaksjonen vår og i dialogmøte med representantar for dei pårørande involvert i ulukka, er det ikkje vanskeleg for oss som journalistar og publisistar å slå fast at denne gongen gjekk Firdaposten for langt. Vi går for langt på ein måte som skapar ei ekstra belastning for dei som er råka av den stygge ulukka. Slik skal det ikkje vere.

Ei lokalavis sin kapital består ikkje av antal klikk på nettavisa, eller annonsevisningar på mobiltelefonen din, sjølv om mange kanskje trur det. Den består av å ha folk sin tillit. Tillit til at vi informerer lesarane våre når det trengs – og i dette tilfellet så mykje som naudsynt.   Går ein lenger enn dette, særleg i denne typen alvorlege saker, tærer ein på den tillitskapitalen. Det er negativt både for Firdaposten sjølv og for dei som viser oss tillit som abonnentar og lesarar. Tillit er møysommeleg å byggje opp – og lett å rive ned.

Å begå feil kan ha ei positiv side ved seg – om ein tek lærdom av feila og har eit oppriktig ønske om å gjere ting betre.

Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten

Som lokalavis er vi aldri betre enn den siste saka vi publiserte. Ved å få gjennomtenkte og godt formulerte tilbakemeldingar/klager som denne frå Ramsdal-familien, opnar det også for refleksjon over vårt arbeid og vår rolle som leverandørar av lokale nyheiter og meiningar. Det er utelukkande positivt, og i dette tilfellet vil det konkret føre til at vi endrar våre køyrereglar ved dekkinga av denne type hendingssaker. Automatiserte reklamevideoar før videoinnslag skal fjernast, bildeseriar som ikkje har direkte relevans for å beskrive hendingar, skal ikkje nyttast. Og detaljfoto må vi vere meir varsame med, opne kommentarfelt likeså.

Journalistikk kjem ikkje med noko fast bruksanvisning. Om det kan ein både seie «dessverre» og «heldigvis». Men vi har rettesnorer i arbeidet vårt, mellom anna i Ver Varsam-plakaten, som Firdaposten har som mål å følgje. Utfordringa i det daglege er å sjå desse rettesnorene opp mot konkrete saker og hendingar vi lagar journalistikk på der og då. I kampens hete blir det begått feil som i dette tilfelet – og det ville vere naivt å tru at det aldri vil kunne skje igjen. Men å begå feil kan også ha ei positiv side ved seg – om ein tek lærdom av feila og har eit oppriktig ønske om å gjere ting betre. Det vil vi forsøke å  gjere også i dette tilfellet.

Heilt konkret betyr dette at saka vi publiserte på ettermiddagen den 30. desember om bilulukka no er redigert og endra. Og at ved liknande hendingar i framtida, vil malen liggje nær opptil saka slik ho no ligg føre – og ikkje som den opprinnelege.

Firdaposten ønskjer å beklage overfor dei involverte og pårørande for meirbelastninga vår publisering har medført.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags