Avlsdyra blir drepne

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Vi må profesjonalisere hjorteforvaltninga meir i dag, og målet må vere å spare fleire avlsdyr, skriv Roald Solheim.

Vi må profesjonalisere hjorteforvaltninga meir i dag, og målet må vere å spare fleire avlsdyr, skriv Roald Solheim. (Foto: )

DEL

BERRE 49 kr for alt på nett i 1 mnd.

DebattFjordane er eit av kjerneområda for hjort i Noreg. Bøndene i dette området har i tusen år forvalta hjortestammen på ein god måte. No er det fare for at all kalveskytinga fører til at stammen vert uboteleg skada. Dette grunngjev eg med at drep du ein kalv, vert mora, det gode avlsdyret, med det same singel, dødsdømd og fritt vilt. Let du eit jaktlag skyte 13 kalvar, tek du samstundes livet av 13 vaksne, gode avlsdyr. Så enkelt er det. Dette er bakgrunnen for at eg meiner at kommunane seriøst må ta grunneigarane og media med på råd. Det må gjerast på ein profesjonell måte.

Berekninga av storleiken på hjortestammen er viktig for storleiken på kvotane. Eg stiller spørsmål om estimeringa av bestanden lokalt er å lite på?

Roald Solheim, Ålfoten

Eg tviler ikkje på at kommunane har laga planer etter mønster og påbod ovanfrå, og lagt desse ut til høyring i samsvar med gjeldande retningliner. Men i tillegg til dette bør det innhentast meiningar og haldningar frå grunneigarane om den lokale viltforvaltninga. Grunneigarane veit meir om emnet enn mange trur. Dette kan gjerast ved ein såkalla survey. Ein survey er i samfunnsvitskapen namnet på ei systematisk kartlegging av haldningar i ei folkegruppe på grunnlag av intervju eller spørjing av eit representativt utval. Fordelane med ein slik survey er fleire, mellom anna at svara kan summerast, samaliknast og seinare formidlast.

Berekninga av storleiken på hjortestammen er viktig for storleiken på kvotane. Eg stiller spørsmål om estimeringa av bestanden lokalt er å lite på? Er teljinga på innmark om våren i for stor grad tilfeldig tipping? Korleis «sett hjort-rapportane» vert til, er også eit spørsmål. I jaktlaget mitt gjer vi dette på beste måte. Men eg har snakka med folk frå andre lag. Samtalane tyder på at «sett-hjort» vert praktisert svært ulikt. Mange jaktleiarar er lut lei alle ideane frå sentralt hald. Mange kuttar ut arbeidet med «sett hjort» i felten, og berre tippar tal som dei så sender inn.

Gode miner og slett spel. Kan dette stemme? Eller er det feil? Spørsmålet er viktig, og bør undersøkast. Seriøs forskning kan gje svar. Men korleis få til dette når forskningskompetanse lokalt er totalt fråverande?Hjorteforvaltninga vår må ikkje bli ein parodi som kommande generasjonar vil riste på hovudet og le av. Vi har hatt ein god hjortestamme, lat oss få behalde denne. Hjorteforvaltning bør ikkje vere leikekasse for lekfolk.

Artikkeltags