Så langt i sommar har over 2600 menneske tatt kontakt med Turistinformasjonen i Florø for å få tips til kjekke ting å gjere i området. Størstedelen av turistane som kjem innom er frå Tyskland, Norge og Sverige. Mange av dei ønskjer tips til fjellturar og informasjon om korleis dei kan reise med lokalbåt til øyane utanfor Florø. Andre ønskjer å leige sykkel eller kjøpe billettar til guida tur på Svanøy, for å nemne noko. Visit Fjordkysten får tilbakemelding frå ein del reiselivsrelaterte bedrifter i kommunen om at sommarsesongen har vert bra. Kystmuseet og Norsk Hjortesenter melder om ein jamt god sommarsesong. Vertskapet på Kinn melder om mykje besøkande på øya, og Florø gjestebrygge har sidan midten av juni hatt 1400 overnattingsdøgn.

Vi ønskjer debatten om reiselivssatsinga i Florø velkomen. Vi er einig med Firdaposten i at det er rom for å ta ut ein enda større del av potensialet i Florø, og dette er noko som det blir arbeida med. Det å løfte fram større attraksjonar tek tid og det er ikkje gjort i ei handvending.

Bildet er eintydig på at visst ein vil ha sterkare vekst så må alle bidra med meir, på lik linje med det som vert gjort i blant anna Sogn.

 

Marknadsføring er dyrt og det betyr at bedriftene må bidra med meir marknadskroner for å skape meir trafikk. Det må jobbast målretta med å løfte enkelte fyrtårn fram til å bli trekkplaster som lokkar folk til området. Bildet er eintydig på at visst ein vil ha sterkare vekst så må alle bidra med meir, på lik linje med det som vert gjort i blant anna Sogn. Dette er tema som Visit Fjordkysten vil ta opp til drøfting med eigarane og medlemsbedriftene no i haust.