Viser til  Firdaposten sitt oppslag om  Svelgen Hotell / Svelgen Eigedom A/S sit innspel om via ferrata i Hornelen.

Dette prosjektet var lagt ut på  offentleg høyring og skal behandlast etter Plan- og bygningslov.  Bremanger kommune opplyser på si heimeside at innspel  skulle sendast til  Ivest consult.  Etter det eg er kjent med er det ikkje offentleggjort dokument frå høyringa i saka, og eg er undrande til kven som har utlevert dette til presse?  Vårt innspel var retta mot offentleg handsaming og ikkje mot Fosse.

Eg avkreftar overskrift i artikkel i Firdaposten der det blir hevda  at - Svelgen Hotell ikkje vil vere  med. I vår høyringsutale har vi derimot påpeika at etter at det vart gjort endringar er det uaktuelt å gå in med tilskot i prosjekt 1, som er den offentlege delen av prosjektet.

Dette er det  største offentleg spleiselaget som er gjort for reiseliv i Bremanger, det både Bremanger kommune og Fjordkysten A/S  har gjort ein kjempejobb med søknader for finansiering  i alle rettningar. Eg har stilt spørsmål til kvifor ikkje Bremanger kommune v/ ordførar og Fjordkysten reiseliv ikkje kunne  inkludere heile reiselivsnæringa i Bremanger når prosjektet vart starta opp?

Eg har pr tlf. frå Fosse fått beskjed om at alle som vil - skal få være med i det selskapet som endå ikkje er starta , og at det skal inn 3 mill. i eigenkapital.  Samstundes har det frå høgste politisk hald , vore poengtert til meg, at vi ikkje har ein rett til å få være med i eit selskap for Hornelen.

I min forretningsverd har eg slutta å tru på prat, men held meg til kva som står på papiret. Først når vi får noko  skriftleg på bordet og ser premissande for dette,  kan vi ta stilling til dette. Slik saka no står, er det offentlege middlar i bruk for å bygge tursti , og parkeringsplassoppkjøp er etter endring tildelt selskap under stifting SUS, og parkeringsinntekter skal inn i dette selskapet.

Eg har i mitt innspel poengtert at det er eit regelverk rundt bruk av tippemidlar, og lov om friluftsliv som tilseier at det burde vore hensiktsmessig med ei økonomisk deling av prosjektet, i samsvar med opprinneleg saksframlegg for heile prosjektet.  Viser her til at dei største friluftslivsorganisasjonane i Norge følger med på kva som skjer.

Som eigar av  Svelgen Hotell forventar eg å  få like vilkår for å oppnå effekt av den offentlege satsinga som blir gjort for å utvikle Europast høgste sjøklippe til eit attraktivt reisemål. Dette forventar eg at politikarane i Bremanger og styremedlem i Fjordkysten Jan Fredrik Fosse har forståing for.

At Jan Fredrik Fosse-  som representerer SUS og har tilgang til dokument i saka, og hevder i media  at Svelgen Hotell sitt innspel til forvaltninga er konspirasjonsteoriar, får stå for eiga rekning.

No må Bremanger kommune få behandle saka og innspel  etter gjeldande regelverk. Eg kommenterer ikkje denne saken meir i meida, og ber Firdaposten om å vente med meir skriving til ei samla sak føreligg.