Meir «tal og magi» frå Åsmund Nesbø

kystvegen kart statens vegvesen 2016

kystvegen kart statens vegvesen 2016 (Foto: )

Av
DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

I innlegget i Firdaposten siste veka, «Alt du veit, Jostein» - tillegg Åsmund Nesbø meg kunnskapar eg ikkje har. Ifølgje Åsmund, så er faktatal om kostnader og køyretid som eg skriv i mitt tidelgare innlegg noko eg sjølv har rekna med fram til – eller dikta opp. Han grunngjev dette med at informasjon om kystvegen berre er råmateriell som er tilgjengeleg i offentlege dokument. Med denne påstanden, viser Nesbø at han ikkje er særleg oppdatert i saka. På oppdrag frå fylkeskommunen har Vegvesenet siste året arbeidd med ulike traséløysingar for kystvegen Ålesund– Bergen. Den uklare delen er strekninga Dalsfjord bru i sør til Bryggja i nord. Her har Vegvesenet valt ut 6 ulike alternative trasé-kombinasjonar som det er gjort grundigare utgreiingar for. Rapporten er på 18 sider, og viser reisetid, kostnader og ein rekkeviddeanalyse som viser kor langt ein kjem på 45 minutt frå dei ulike stadane, med dei ulike alternativa. Prosjektleiar for kystvegen har bekrefta at tal og info i rapporten er ferdig utarbeidde. Vegvesenet skal sende si tilråding til fylkeskommunen i midten av februar. Rapporten er å finne på Vegvesenet si heime side.

Eit av alternativa er kombinasjon A (indre trasé). Her skriv Vegvesenet klart og tydeleg at dette er kortaste trasé nord–sør. For indre Bremanger (Svelgen) gjev denne løysing størst rekkevidde, der vi når lengst i alle retningar. Indre trasé er rimelegast i sør og dyrast i nord med Bru Otteren–Bryggja. Trafikktal viser 1670 bilar i døgnet ved Svelgen–Grov-løysing om ein legger til grunn indre trasé heile vegen Bryggja–Dalsfjord Bru. Ved Ytre trasé i alle delstrekningar får ein ved Terøyløysing kun 770 bilar i døgnet og 300 som kjører gamlevegen over fjellet.

Det er vesentleg å sjå forskjellen på at vi no berre skal få vedteken ein trasé, medan finansiering, som er den store utfordinga er ei sak for seg sjølv. Korleis skal vi få staten med på ei slik finansiering? Når eg ønskjer veg frå Indrehus til Grov så er dette av fleire grunnar:

1. Dei fleste i Svelgen, inkludert bussjåførar opplever fjell overgangen som det største problemet. Det er fjellet som er den største utfordringa i forhold til ein fungerande bu- og arbeidsmarknad og trygg pendlerute. Går vi for Grov, så kan vi vonleg oppleve å få bygd ein tunnel til rundt 1 milliard, og kan klare oss lenge med eksisterande bru over Nordalsfjorden.

2. Når denne traséen gjev mest trafikk, og er rimelegare å bygge, så får ein dermed dette enklare finansiert og vi blir fleire å dele på bom–avgifta.

3. Tenker vi regionalt riktig i sør, og får trafikk inn på sambandet, så vil det vere positivt for få fleire avgangar på dei to ferjene over Nordfjorden, og samstundes gjere det meir sannsynleg å få bygd bru i framtida.

Eg finn det urimeleg er at vi er komne i ein situasjon der vi som bur i Svelgen helst ikkje skal meine noko om ein veg som går tvers gjennom vår eigen kommune.

Jostein Eimhjellen

4. Ein skulle tru det var lettare å få staten med på eit prosjekt som gjev trafikk, en eit samband som ikkje gjev trafikk? Størst mogleg trafikktal og størst mogleg 45 minuttsregion (samfunnsnytte) er noko Vegvesenet legger til grunn også for denne vegen.

5. Mykje trafikk kan vere bra også som eit bidrag til å oppretthalde handelstand og servise tilbod. At vi har lokale tilbod, er eit viktig bidrag for å å gjere indre Bremanger attraktiv for ny busetnad.

Eg finn det urimeleg er at vi er komne i ein situasjon der vi som bur i Svelgen helst ikkje skal meine noko om ein veg som går tvers gjennom vår eigen kommune, og er vår einaste kommunikasjonsåre ut i verda, ein veg som og skal vere skuleveg for våre born og ein veg som vi skal betale for å bruke. Eg ser også at enkelte sitt ønske om kommunesamanslåing er med og dreg i denne saka.

I ditt innlegg presenterer du noko du sjølv omtaler som «tal-magi». Du skriv at ein ny trasé over Terøy vil redusere reisetida til Førde med 14 prosent. Dette stemmer ikkje, sidan Vegvesenet har opplyst at Terøytraséen gjev 5 km lengre veg til Førde. Det hadde vore interessant å få høyre dine argument for korleis du ser for deg å få Svelgen–Terøy til 5,6 mrd realisert, utan at eg og mine sambygdingar blir ruinert av bompengar. Vi har skuleborn som køyrer over fjellet kvar vinter, så tidsperspektivet betyr også noko for oss. Håpar du kan jobbe litt med saka, og eg ventar spent på meir «tal og magi».

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags