Å sitja på kvar si tua i Kinn-debatten

Alle gode krefter må spele på lag om Kinn kommune skal bli ein suksess, slår Åse M. Lammethun fast.

Alle gode krefter må spele på lag om Kinn kommune skal bli ein suksess, slår Åse M. Lammethun fast.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevEin ser endå i Norge at det kjempast for meg og mitt i kommunane og i regionplanlegginga.

Ein ser lite til at det blir arbeidd for å heve menneska sitt bevisstheitsnivå, slik at vi kan bli meir merksame og tilstades og få forståing for at verda har gjort kvantesprang som vil føra med seg dramatiske endringar i regionane og i lokalmiljøa rundtom i landet vårt.

Då må alle ved felles ansvar ta innover seg at samarbeid er einaste måten å nå våre felles mål på.

Alt i starten har kystkommunen Kinn møtt motstand. Politisk har det skapt frustrasjon, ja til og med er det mange som har kjent på angst, paranoia, aggresjon og konflikt mellom kommunane og folket som bur der. I verdas sammenheng nærmar vi kvarandre oss meir og meir. Vi og våre kommunar er små og betydelege kvar for oss, men i den store sammenhengen, utvides sentrum. Jorda sin grunnleggande struktur er alltid i konstant beveging. Det same er det med oss og kommunane vi er så glade i. For mange blir det  komplisert  og vanskeleg å forstå. Det er dei som er opne for nye måter å handtere endringer på og har erfaringer som burde setja seg sammen og vera med i debattane om korleis skape den kystkommunen vi så sårt trenger for å møte storsamfunnet.

Til no har det lille- selvet fått dominere og styrt debattene og vore med på å utvikla egoet til det som tener eins eige beste.

Berre ved å opne bevisstheita og sjå mogelegheitene ved å bu i kystområda, kan vi skape resulutat som ikkje ender i sjølv-destruksjon. Vi er på mange måtar ved terskelen til eit revolusjonerande arbeid som vil endre vårt menneskelege fellesskap.

Ein må berre innsjå å bli bevisst på at om vi vil vera med i verda på godt og vondt, må alle ta del i å arbeide saman. Å henge seg opp i all  synsing utan å ha kunnskap skaper berre konflikter, det fører ikkje til beriking for kommunane og folket som bur der.

Så politikarar, leiarar i næringslivet, alle krigarane og materialistane:  Stå saman om å skape den kystkommunen vi alle fortener. Det er berre saman ein finn dei gode løysingane for kystkommunen Kinn!

Det er våre politikarar og leiarar i næringslivet som saman med folket skal fatte vedtak som er riktige for folket i kommunen utan å belaste dei som bur der unødig.

Det er viktig for tilliten mellom kommunen og dei som skal bu i Kinn kommune i framtida.







Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags