Kinn kommune: - Teigen og Maurstad feilinformerer

Floraordførar Ola Teigen og Vågsøyordførar Kristin Maurstad.

Floraordførar Ola Teigen og Vågsøyordførar Kristin Maurstad.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarFlora-ordfører Ola Teigen bruker feil tal om Kinn - og Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad feilinformerer om rapportar frå PWC og Telemarksforsking.

Dei to ordførarane gjev eit heilt feil bilde av det som vil verte fakta for ei evt. Kinn kommune.

På si offisielle Facebook-side som ordførar skriv Ola Teigen at Kinn vil få kr. 12,0 mill. årleg i tilskot, mens det rette talet berre er på kr. 3,3 mill.

Dette utgjer ein forskjell på heile kr. 130 millionar i løpet av dei 15 åra ein får tilskot.

Viss ordførar Teigen har nytta desse tala i sin kamp for Kinn, så er jo heile det økonomiske grunnlaget FEIL!

Viss han i tillegg har fått tala frå sin rådmann (no prosjektrådmann for Kinn) – så er det ikkje mindre enn ei KATASTROFE.

Folket og politikarane i både Flora og Vågsøy må få svar på dette spørsmålet frå ordførar Teigen eller rådmann Heggheim.

Dei kan ikkje halde informasjonsmøte om Kinn i lag med Vågsøy sin ordførar no på tysdag, utan å gje oss svaret på dette spørsmålet først – då vil ein ikkje kunne ha TILLIT til nokon av ordførarane eller rådmannen – han som dei har planlagt skal verte ny rådmann i Kinn!

I desember, rett før jul, kom eit nytt Stortingsvedtak som eigentleg seier at ingen kommunar skal straffast økonomisk om dei vert ståande åleine, om det er frivillig eller ikkje.     

Dette er godt nytt for både Bremanger (som har valt å stå åleine), Flora og Vågsøy. No kan vi få STOPPA denne samanslåinga utan frykt for å verte straffa økonomisk eller frykt for bruk av tvang for å slå i hop kommunar.                                                                                          

Køyrer dei no likevel vidare med Kinn-prosessen, så vert det av folket oppfatta som tvang. Køyrer dei denne prosessen vidare i visshet om at dei har brukt feil talgrunnlag, så vil Kommunaldepartementet v/Sanner ha grunnlag nok for å oppheve Stortingsvedtaket.

Viss Vågsøy kommune vert ståande åleine, kan vi få mellom kr. 1,8 - 2,0 mill. i årlege tilskot dei neste 15 åra. No skal Kinn få kr. 3,3 mill årleg som vi må «dele med» 12 000 innbyggjarar i Flora. Med auka arbeidsgjevaravgift for dei over 500 kommunalt tilsette i Vågsøy kommune, noko som utgjer heile kr. 9,9 mill., så er dette svært dårleg «butikk» for oss.

Kristin Maurstad hadde ingen problem med å bryte ei inngått SKRIFTLEG avtale mellom partia AP, FRP, SP, Rødt og Tverrpolitisk liste, sjølv om avtala er sjølve grunnlaget for at ho sit som ordførar i dag.

Etter spørjeundersøkinga i mars 2017 gav Kristin Maurstad som ordførar blaffen i folket i kommunen og køyrde på i sin eigen kamp for Kinn.

Ordføraren kan seie at ho jobbar for å gjennomføre eit kommunestyrevedtak, men det er ho som ordførar som har stått i spissen og fronta dette Kinn-spelet.
Ordføraren sa sjølv i etterkant av spørjeundersøkinga at prosessen hadde gått fort og at dei ikkje hadde nådd ut med informasjonen.
 

Først over ti månadar seinare, den 9. januar 2018, vil dei halde informasjonsmøte for oss. I mellomtida har dei gjort dei grepa dei kan for å låse oss mest mogleg fast til denne merkelegaste kommunesamanslåinga av alle.
 

Dei har tilsett prosjektrådmann og dei har fått vedtatt forskrifter i departementet for den nye kommunen. Alt skjer mens ein enno ikkje er i mål med dei store spørsmåla i intensjonsavtala. Vågsøy kan enno trekkje seg ut om ein ikkje vert samde med Flora.

Når vi veit at ordførar Ola Teigen før vedtaket om Kinn, i forhandlingar med Vågsøy, gjekk ut offisielt som ordførar og sa at «no har Vågsøy fått nok», så er ikkje det noko godt utgangspunkt for å verte samde om intensjonsavtala i fellesnemnda.

Vi er tvilande til at vår ordførar veit betre enn folket i kommunen kva som er det beste for oss i framtida. No som engasjementet og sinnet har vokse seg stort i Vågsøy, ber ordføraren folket om berre å akseptere vedtaket dei gjorde og varslar at ho ikkje vil ta noko OMKAMP på dette.

«VI er Kinn og DU er Kinn» - uttaler dei no rett før vi skal få informasjonen om Kinn kommune. Vi håper at dette informasjonsmøtet ikkje berre vert ei servering av glansbilde og store vyar og tankar i ein Power-Point-Presentasjon, men at ein får til ein open debatt/dialog mellom motstandarar og tilhengarar basert på fakta og ikkje berre fem minutt til slutt for spørsmål.

Ordførar påstår at det har vore «godt» oppmøte på tidlegare folkemøter. Vi har informasjon om at det i Samfunnshallen berre var rundt 50 personar av eit folketal på 6000.
Det kan hende at det no kjem mykje folk for å vise den veksande motstanden blant folket, men det kan òg hende at folk boikottar møtet fordi dei veit at dei ikkje høyrer på folket likevel…

Ordførar viser til rapportar frå PWC og Telemarksforsking og meiner dei støttar ei samanslåing av Flora og Vågsøy. Ser ein på kven som bestilte rapportar frå PWC så var det dei to ordførarane og rådmann.

Rapportane frå PWC vart lagt fram i 2016 - før nokon kom på det utenkelege forslaget om å slå i hop dei to grenselause kommunane Flora og Vågsøy. Rapportane har altså ikkje sett på denne rare konstruksjonen i det heile!


Likevel viser ordførar Maurstad til desse rapportane …. Modellane som er utgreidd  gjeld ei samanslåing av Flora-Bremanger-Vågsøy og ein med berre Flora-Bremanger. KINN ER IKKJE UTGREIDD I DET HEILE !

Sanner ville ha utgreidd ei kystkommune beståande av Flora-Bremanger-Vågsøy og bad fylkesmannen om å få dette utgreidd av Telemarksforsking som ein nøytral aktør. Teigen og Maurstad hadde ikkje tid å vente på denne rapporten. Dei visste vel allereie at konklusjonane ville verte negative for Kinn-konseptet.
 

Dei jobba intenst på forsommaren direkte mot Stortinget og klarte til slutt å få fleirtal for Kinn. Rapporten frå Telemarksforsking kom først i september 2017. Kven som hadde gjeve dei to ordførarane mandat til å stresse fram dette vedtaket er ikkje kjent. Kvifor dei hadde sånt hastverk er heller ikkje kjent.

Vågsøy sin ordførar var positiv til ei samanslåing etter spørjeundersøkinga og ho ville ofre rådhuset og arbeidsplassar for å få dette til. Det var Høgre som kom opp med forslaget om eit delt kommunesenter og det kom dagen før vedtaket…

Vågsøy sin ordførar har utelatt dei negative effektane i rapportane frå Telemarksforsking og den tidlegare PWC utgreiinga.

Frå rapporten til Telemarksforsking:

« … avstandane er for store og det vil vere vanskeleg å hente ut positive effektar knytt til samfunns- og næringsutvikling. Så lenge ein har lang reisetid, nattestengde ferjer og dårlege vegar og fjellovergangar, vert det sett som vanskeleg å hente ut gevinstar av ei samanslåing.

Det er i Vågsøy at ein ser dei potensielt største ulempene»

Striden som no pågår er svært skadeleg for Vågsøy kommune. Eit stort fleirtal av folket føler at det som no skjer er eit svik og ei overkøyring frå lokale politikarar. Skadane kan verte vanskelege å reparere og i verste fall føre til auka fråflytting…

Dette innlegget er signert av:

Geir Ove Refvik  -  Frank Husevåg  -  Torfinn Kråkenes  -  Gunnar Nore

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags