Har Kinn kommune og Firdaposten køyrt seg fast?

GRUNNGIR:  Samfunnsdebattant Jostein Eimhjellen meiner tekstmeldinga han sende vågøypolitikar Morten Hagen om at han var uønskt på hotellet hans og at han burde skamme seg, må sjåast i samanheng med dei politiske prosessane som gjekk føre seg på tidspunktet.

GRUNNGIR: Samfunnsdebattant Jostein Eimhjellen meiner tekstmeldinga han sende vågøypolitikar Morten Hagen om at han var uønskt på hotellet hans og at han burde skamme seg, må sjåast i samanheng med dei politiske prosessane som gjekk føre seg på tidspunktet. Foto:

Av
DEL

Debatt:Morten Andreas Hagen og andre politikarar har fått spørsmål frå Firdaposten om hets og sjikane. Hagen viser då til ei privat tekstmelding som eg sendte han 14. juni 2018.

Eg er einig i at meldinga ikkje var så fin, men eg synest ting blir trekt litt ut av sin samanheng når ei enkel sms-melding blir publisert i media over halvtanna år seinare. Det høyrer elles med til historia at eg i etterkant har beklaga meldinga i telefonsamtale med Morten Hagen og innvitert han til å stoppe i Svelgen for ein kopp kaffi, slik at vi kan diskutere det vi er grunnleggande ueinige om.

Den 11. juni 2018 var det folkeavstemming om Kinn kommune i Vågsøy. Dette var ei avstemming som Vågsøy Høgre og Morten Hagen hadde stemt ja til. Morten Hagen hadde og stemt ja til «tilsynelatande» å utvide den demokratiske prosessen i Vågsøy ved å vedta at 16-åringane skulle trekkast inn i denne turbulente saka og få delta. Politikarane frå ja- og nei-sida gjekk før avstemminga på skulebesøk og informerte ungdommen om fordelar og bakdelar med Kinn kommune. I etterkant har det og blitt hevda frå Rolf Bjarne Sund at det gjekk med 350.000 kommunale kroner til det han sjølv sa var ein reklamekampanje før avstemminga, medan Rolf Domstein frå Vågsøy Høgre som då satt i fellesnemda hadde utrykt klart og tydeleg at det var rein og faktisk informasjon innbyggarane trong. Han sa og at om det vart nei i avstemminga så måtte ein søkje om reversering av Kinn kommune. Den faktiske informasjonen som Rolf etterlyste kom det lite av. I staden fekk innbyggarane og ungdommen som skulle stemme for første gong rikeleg med reklamevideoar servert i dei sosiale media, med bodskap om etablering av Kinn kommune.

Før avstemminga informerte Bjarne Jensen som var legd inn frå Nei til Kinn-stiftinga med sin fakta- og meiningsversjon til eit folkemøte, samtidig som rådmann Terje Heggheim kom til same møte med si oppfatning av realitetane. Vi ser no i etterkant kven som snakka med kunnskap og hadde rett. Det var ikkje Terje Heggheim. Bjarne Jensen utarbeidde ein rapport om Kinn kommune, og fann som kjent ikkje eit einaste rasjonelt argument for samanslåinga. Bjarne Jensen har tidlegare vore rådmann i Bergen og Kristiansand, samtidig som han er professor i økonomi. Mogleg Firdaposten burde skrive litt om rapporten til Jensen?

I folkeavstemminga i Vågsøy vart det eit stort nei-fleirtal i avstemminga. Eg var ein av mange som var særdeles skuffa når Morten Andreas Hagen og fleirtalet i Vågsøy Høgre stemte imot å lytte til svaret frå innbyggarane. Det var ein kraftig temperatur i saka, då eg sende Morten Hagen den private meldinga 14 juni. Meldinga må og sjåast i samanheng med dialogen eg hadde hatt med Morten Hagen i høve saka.

Ap-veteran Martin Kolberg sa i eit TV-intervju om spørsmål rundt kommunesamanslåing og folkeavstemming: «Om en først har stemt for å halde folkeavstemming så kan eg ikkje sjå for meg den kommune politikaren som i etterkant skulle meine at svaret ikkje gjaldt likevel» Det ville være heil forkastelig og uakseptabelt, meinte han. Eg er 100 % eining med Martin Kolberg. Eit ekstra moment er det faktum at ein her i tillegg hadde stemt for at 16-åringar skulle få stemmerett. I utgangspunktet skulle ein då tru at Morten Hagen og dei som stemte for dette, var særdeles opptekne av å styrke ein demokratiske prosess, men då blir det ekstra underleg at svaret ikkje skulle bety noko?

Eg meiner personleg at ein i denne prosessen har brote aksepterte normer for etisk og demokratisk oppførsel. At Morten Hagen i tillegg er polititenestemann, meiner eg burde tale for at han er rollemodell og ombod, og slik sett burde ta eit utvida ansvar. Kva tankar skal ungdom som veks opp få om demokratisk styring, når dei blir invitert med på avstemming, og svaret ikkje betyr noko? Hadde det vore mine barn som fekk oppleve noko slikt, så hadde eg reagert med stor skuffelse og irritasjon. Eg meiner vi er på ein farleg veg når samfunnet aksepterer slike prosesser, og ein prøver å normalisere dette. Her har og media ei viktig rolle for å balansere informasjon.

I denne saka kan ein konstatere at politikarar som Morten Hagen ikkje respekterte fleirtalet av innbyggarar eller ungdommen si meining, men sjølv forventar å bli behandla med respekt. Eg har dei siste dagar fått fleire meldingar og telefonar frå innbyggjarar i Flora som seier at dei ikkje tør å gå i media med sine meiningar om Kinn kommune og prosessen. Når vi ser Firdaposten sitt personangrep på meg, så er dette forståeleg. Når eg fekk telefon frå Svend Arne Vee med spørsmålet om den tekstemeldinga frå meg til Morten, datert 14 juni 2018, så stilte eg meg undrande til om dette verkeleg var noko å skrive om i avisa ?

Eg forstår heller ikkje at ei avgrensa Nei til Kinn facebook-side skal vere så problematisk for drifta av Kinn kommune. Det handlar om ytringsfridom og meiningsytringar. Det håper eg Firdaposten med ansvarleg redaktør Svend Arne Vee respekterer og forstår.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags