Trygt i Afghanistan, men utrygt i Oslo øst?

Sindre Hornnes, AUF i Sogn og Fjordane

Sindre Hornnes, AUF i Sogn og Fjordane

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Vi bur i eit land der dei som styrer tenkjer det er farleg å bu i Oslo øst, men trygt å bu i eit krigsherja land som Afghanistan.

DEL

AUF Sogn og FjordaneDelar av regjeringspartiet FrP reiste tidlegare denne månaden med turbuss til Oslo øst. Dette var for å undersøkje såkalla ”svenske tilstandar” i landets hovudstad. Hovudbodskapen som skulle seljast var at innvandringa hadde gjort byen utrygg å bu i ogmåtte stoppe opp, inntil integreringa lykkast. Representantar frå regjeringa stemplar altså Oslo øst som utrygt, men påstår samstundes at 32 av 34 provinsar i Afghanistan er trygge. I området Ghazni, der 12 år gamle Farida saman med familien vart returnert, så vart det rapportert om til saman 252 drepne og såra i april. Dette området er altså trygt, medan Oslo øst er farleg. Rett og slett eit stort paradoks.  

Vi i Norge merkar ikkje så mykje lengre til flyktningstrømmen som er i verda, men framleis druknar born og vaksne i Middelhavet. Familiar blir drivne på flukt frå heimane sine. Bombene smell framleis i Afghanistan, og det humanitære behovet er svært stort. Vi har eit ansvar og vi bør hjelpe fleire både i Norge og i nærområda. Det kom rekord-få asylsøkarar til Norge i 2017 og ikkje sidan 1995 har vi motteke så få som berre 3546. Kor mange vi kan hjelpe er avhengig av kor mange vi kan integrere. Difor bør fokuset vere på nettopp dette.

Då flyktningkrisa var på sitt verste i 2015 gjekk sparekniven hardt utover integreringsfremjande tiltak. Regjeringa kutta 100 millionar kroner i norskopplæringa, kutta i opplæringa for mindreårige asylsøkjarar og reduserte ytingane til bebuarar på mottak. Ein sparte på denne måten pengar på kort sikt, men på lang sikt er dette openbart ikkje gjennomtenkt. I ei tid der rekordmange asylsøkjarar kom til landet vårt, så kutta ein framfor å bevilge meir. Det er på den måten paradoksalt at Frp nytter dårleg integrering som argument for at ein ikkje skal ta fleire imot, på same tid som dei kutta i integreringstiltak.

For vi veit at andelen minoritetskvinner som er i arbeid fortsatt er svært låg. At ein stor del av dei som bruker den integreringshemmande kontantstøtta er kvinner med minoritetsbakgrunn. Mange ungdommar på vår alder som har vakse opp i minoritetsfamiliar har ikkje den same fridomen som vi har, anten som følgje av sosial kontroll eller andre utdaterte kulturelle forventningar. Det er ikkje til å skyve under eit teppe at det er nokre utfordringar,men då er det faktisk viktigare med handlekraft og tiltak enn politisk sirkus.

Vi i AUF meiner at vi må ta imot fleire kvoteflyktningar, og samstundes gje dei som kjem til landet vårt ein sjanse til delta og bidra. Ein burde satse meir på norskopplæring, barnehageplassar og arbeidstiltak. Vi ynskjer å satse fordi vi trur på eit samfunn der alle har dei same moglegheitene uansett kven du er og kvar du kjem frå. Eit samfunn der alle skal med.


 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags