Helse og sosialarbeidarar i Vestland står opp for tryggleik i krisetid!

Av
DEL

LesarbrevPåsken står for dør og det vil vere den mest spesielle påsken sidan krigen. I likskap med resten av verden, står Norge og Vestland no i ein dramatisk situasjon grunna koronapandemien. Alle må bidra i den store nasjonale dugnaden. FO Vestland vil gje honnør til barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar som jobbar i helse -, omsorg – og sosialtenesta si frontlinje. Mange av våre medlemmer har samfunnskritiske funksjonar innafor helsesektoren, barnevernet, NAV og leiing og beredskap.

Kommunar og sjukehus har stort behov for helsepersonell, barnevernet treng sosialarbeidarar for å følgje opp dei sårbare barna og NAV har hittil mottatt over 320 000 søknadar om dagpengar. Sosialarbeidarar jobbar bl.a. i helse og sosialsektoren, i barnevernet, i skulesektoren, i tenester til menneske med utviklingshemming, i rusomsorga, i psykisk helsevern, i eldreomsorga, i NAV og i fengsel – og kriminalomsorga. Våre medlemmer jobbar med sårbare grupper og menneske som er ekstra utsett i krisetider. Dette kan vere menneske med utviklingshemming som slit med å takle endringar i kvardagen, menneske med rus og psykiske helseutfordringar, eller barn, unge og foreldre som treng bistand for å kome gjennom krevjande kvardagar. Dette er grupper som vert hardt ramma no. Helse og sosialarbeidarar bidrar til å førebyggje og nedkjempe smitte, beskytte risikogruppene, samt til god behandling av dei som er smitta.

Vernepleiarar er autorisert helsepersonell og bidrar allereie i beredskapstroppen på sjukeheimar, i heimebaserte tenester og på sjukehus. Våre medlemmer som jobbar med utviklingshemma veit at kvardagen kan bli vrien når alle rutinar blir endra, og kan bidra med å forklare og legge til rette for at kvardagen blir tryggare i desse tider.
Sosialarbeidarar i NAV er representantar for sikkerheitsnettet i velferdsstaten, og opplever no eit enormt trykk av søknadar frå menneske som må sikrast ei inntekt etter bortfall av arbeid. Samtidig vil menneske som har vore avhengig av bistand før koronapandemien, fortsett trenge oppfølging. Fleire og fleire NAV-kontor har stengt dørene, tilsette må ha heimekontor og det er behov for nye løysingar for å vere tilgjengeleg for dei som treng det mest.
Barnevernspedagogar, sosionomar og andre tilsette i barnevernet gjer ein avgjerande innsats for å ivareta sårbare barn og unge. Stengte skular og barnehagar gjer at mange barn har mista dei arenaer der dei tidlegare kunne få eit avbrekk frå ein vanskeleg familiesituasjon. Oppsøkjande sosialarbeidarar treff menneske med rusproblem, ungdom i drift og andre som slit med å finne sin plass i det etablerte samfunnet. Sosialarbeidarar har erfaring med å jobbe med smitte og smittevern og kan formidle kontakt med hjelpeapparatet. I desse krisetider vil dette vere viktigare enn nokon gong.

FO Vestland sine medlemmer med helse og sosialfagleg kompetanse kan bidra til auka kapasitet i velferdsstaten sine tenester framover. Dette gjeld også studentane frå profesjonsutdanningane. Vi skal gjere vårt for at Norge kjem trygt gjennom koronakrisa.

Vi veit at våre tillitsvalte gjer ein god jobb med å følgje opp avtalar i høve utvida arbeidstid, samarbeider med leiing for å få på plass fungerande tenester, samt følgje opp medlemmer med behov for bistand .
Helse – og sosialarbeidarar står opp for tryggheit i krisetid: FO Vestland seier tusen takk for den jobben DU gjer!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags