«Vi avkreftar at enkeltpersonar har fått fullmakt til å skrive lesarbrev på vegne av kollegiet ved Florø barneskole»

Av
DEL

LesarbrevEit trygt og godt skolemiljø vert skapt kvar dag i møtet mellom dei vaksne på skolen, den einskilde elev og eleven sine føresette. Florø barneskole har difor på planleggingsdagane før skolestart hatt fokus på skolemiljø og korleis vi på best måte skal møte elevar og føresette i det nye skoleåret.

At vi ved Florø barneskole planlegg for ein god start er ikkje nok. Som skole er vi avhengig av at foreldra som har barn ved skolen har tillit til oss. Tillit til at vi vil sjå den enkelte elev, tillit til at vi høyrer og tek innover oss det eleven formidlar til oss og ikkje minst tillit til at vi som profesjonelle yrkesutøvarar har mot og vilje til å gjere det som er best for barnet.

Eit anonymt lesarinnlegg i Firdaposten underteikna av førskolelærarar og lærarar i Floraskulen har skapt uro i og kring kollegiet ved Florø barneskole. Vi opplever at avisinnlegget 8. august har ført til at foreldre er blitt usikre på elevsynet vårt og haldninga vår til foreldresamarbeid. Det er difor svært viktig for oss å avkrefte at enkeltpersonar har fått fullmakt til å skrive dette lesarbrevet på vegne av kollegiet ved skolen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags