- Er du framleis like stolt, Djuvik?

KRASS: Åshild Kjelsnes i Ap meiner det er på høg tid at Frank Willy Djuvik sluttar å leike jurist på EU-regelverket og heller jobber for å få reversert vedtaket om å gjere Florø lufthamn heilkommerisell.

KRASS: Åshild Kjelsnes i Ap meiner det er på høg tid at Frank Willy Djuvik sluttar å leike jurist på EU-regelverket og heller jobber for å få reversert vedtaket om å gjere Florø lufthamn heilkommerisell.

Av
DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

MeiningarDen ivrigaste forkjemparen for at Florø lufthamn skulle bli kommersiell har vore Frp sin representant i Flora  bystyre og fylkestingsrepresentant, Frank Willy Djuvik.  I ei rekke avisintervju har han uttalt seg skråsikkert om kor bra dette ville bli og at vi berre skal vente og sjå.

Litt historikk: 7. mai 2015 intervjua Firdaposten Djuvik under overskrifta «Dette er eg stolt av»  Her seier  Djuvik i intervjuet at han hevdar han ikkje er redd for å gå ut med at han har brukt alle midlar tilgjengelege for å påverke samferdsledepartementet til å droppe konsesjonen på Florø lufthamn.

I Firdaposten 12. desember 2015 hevda Djuvik:  

  • Sitat:  «Ja, kommersialiseringa kan gjerast om, men då må ein dokumentere at det er behov for det.  Og det veit vi ikkje før vi ser kva tilbodet faktisk blir»

Nokre månader seinare, 17. mars 2016 hadde Firdaposten nytt intervju med Frp sin representant med overskrifta «Vent og sjå til etter 1. april»  Sist torsdag 15.12 vart desse utsegnene vist i faksimile og i dag ser ein tydeleg kor feil Djuvik tok.

Derfor spør eg no – kor lenge skal vi vente på dei positive verknadane av det nye systemet?

«Systemet» har tydelegvis ikkje hatt tru på at det vil vere god forretning å satse på kommersiell drift i Florø.  Gudane skal vite at det har vore gjort iherdige forsøk  på å lokke «systemet» hit, frå Fram Flora, frå kommunen og frå næringslivet.  Sistnemnde har til og med vore villige til å spytte inn millionbeløp for å finne ein konkurrent til Widerøe, som sjølv i eit kommersielt marknad vert framstilt som monopolist.  Er det slik frie marknadskrefter er meint å fungere?   

Samferdsledepartementet engasjerte i forkant av utlysinga av anbodsrunden som tok til å gjelde frå 1. april i år TØI ilag med Møreforsking til å utarbeide ein rapport «Forslag til anbodsopplegg for regionale flyruter i Sør-Norge».

Med min beste vilje kan eg ikkje forstå kvifor Regjeringa framleis tviheld på sitt ideologiske standpunkt  om kommersialisering av Florø lufthamn.

Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar (Ap)

Rapporten vart framlagt i juni 2014.  I denne rapporten vart det presentert to alternative løysingar for Florø lufthamn, ei med fortsatt FOT-ruter og eit alternativ med kommersiell drift. Gjennom heile rapporten finn vi at grunnlaget for kommersiell drift vil kunne medføre negative konsekvensar for dei reisande i form av auka billettprisar og redusert rutetilbod.

  • Sitat frå s. 19 «påpeker at det må skje til dels omfattende tilpasninger hvis kommersiell drift skal bære seg.»
  • Sitat frå s. 22 «..er det åpenbart at en kommersiell rute vil medføre tilpasninger som innebærer færre avganger med noe større fly til høyere maksimalpris enn i dag.»
  • Sitat frå s. 23 «… i en alternativ simulering der flystørrelsen holdes konstant så øker priser for forretningsreiser med 20%, men den synker noe for privatreiser».
  • Sitat frå s. 25 »med unntak av Oslo –Ørsta/Volda vil alle rutene få redusert tilbud ved kommersiell drift.»

Eg viser vidare til s. 49, 55, 56, 57, 62 og ikkje minst oppsummeringa på side 63. Det er ikkje vanskeleg å sjå tråden i vurderingane gjennom heile rapporten. Kvifor desse vurderingane dersom det var så openbert som Djuvik vil ha det til at Florø ikkje lenger kunne vere ein del av FOT-rute systemet?

Dessverre meinte leiinga i Samferdsledepartementet at det var akseptabelt å gjere det risikable grepet med å kommersialisere lufthamna,  sjølv om rapporten eit uttal av gonger har peika på dei negative konsekvensane.  Kanskje vart dei overtydd av den lokale Frp representanten sin entusiasme? Eg veit ikkje.

Det er i alle fall eit faktum at det var mange røyster som åtvara sterkt mot å ta Florø lufthamn ut av FOT rutesystemet, meg sjølv inkludert, fylkesutvalet inkludert representanten Djuvik, og fylkestinget likeså.  

Trafikkgrunnlaget i eit fylke med 110.000 innbyggjarar er avgrensa, sjølv i gode tider.  Siden 2015 har tal reisande blitt betrakteleg redusert, særleg grunna utfordringane i petroleumssektoren.  Dette set heile utviklingspotensialet for kystbyen, næringslivet, offshoretrafikken, og kvardagen for alle reisande under press.

I ein kommersiell marknad må dei aktuelle flyselskapa ta all risiko for inntening og utgifter sjølv.  Deira fridom og naudsynte handlingsrom er å kunne justere rutetilbodet etter faktisk etterspurnad.  Slik er spelereglane regjeringa har klokketru på fungerer.  I FOT-rutesystemet har flyselskapet vunne ein konkurranse om korleis handtere trafikken innan gitte rammer i ein viss periode, for tida 4 år i Sør-Norge.  Passasjerane har eit føreseieleg rutetilbod, som berre kan endrast innan den gitte ramma. Ein kan gjerne klage på både tilbod og pris, men ein veit korleis rutetilbodet er fram i tid og kan planlegge på ein akseptabel tidshorisont.   Den stabiliteten er borte i ein kommersiell marknad. 

Førre dagen vart trafikktal over Florø Lufthamn presentert.  Det var lite lysteleg lesnad med 18 prosent nedgang sidan kommersialiseringa begynte.  Det som etter mitt syn er verkeleg alvorleg , er at det var kjend at trafikken var på veg nedover pga konjunkturendringar alt før avgjerda om kommersialisering vart teken.  Departementet hadde altså kunnskap om at trafikkveksten var stoppa opp og at føresetnadane for kommersiell drift var i endring.  Dei kunne med andre ord gjort retrett med æra i behald, før oppstart 1. april i år. I staden er det tydelegvis opportunt å la Frank Willy Djuvik springe ærend som løpegut med skremsel om EU regelverk og ESA. 

Direktør i NHO luftfart, Torbjørn Lote, som også tidlegare har arbeidd i Samferdsledepartementet,  har vore heilt klår på at det ikkje er noko i EU regelverket eller ESA som vil hindre at kommersielle flyruter kan gjerast om til anbodsruter.  Det som er avgjerande er korvidt myndigheitene vurderer transportstandarden som god nok eller ikkje. Han viser også til eksempel på kor FOT-ruter er gjeninnført tidlegare i Norge. 

Med min beste vilje kan eg ikkje forstå kvifor Regjeringa framleis tviheld på sitt ideologiske standpunkt  om kommersialisering av Florø lufthamn.  Det er Høgre og Frp som sit med nøkkelen her som regjeringsparti.

Eg utfordrar deg, Frank Willy Djuvik: Slutt å leik jurist på EU-regelverket.  Å få reversert vedtaket om kommersiell drift av Florø Lufthamn vil vere ei vinnarsak for alle.  Eg gir deg sjansen til å kunne bidra til ei ny overskrift så raskt som mogeleg. «Eg tok feil, og er glad departementet snudde». Alternativet er å vente til ei ny regjering er på plass.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags