Bremanger blir ein utkant

Sjå innover: Om Bremanger blir tvinga inn i ein kystkommune, vil bygdene i indre vere tent med å sjå mot Eid, meiner Stig Bakke.

Sjå innover: Om Bremanger blir tvinga inn i ein kystkommune, vil bygdene i indre vere tent med å sjå mot Eid, meiner Stig Bakke. Foto:

Av
DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

MeiningarEg ser i Firdaposten at Vågsøy og Flora skal slå seg saman, og at Sanner har gjeve klarsignal til å sette i gang prosessen utan Bremanger. Dette blir eventuelt den mest spesielle kommunen i landet, der ein kommune blir liggande mellom desse to.

Målet med kommunereforma er eit lokaldemokrati som kan ivareta velferd og sikre verdiskaping og trivsel. For å nå målet må det effektiviserast og ein må sentralisere tenestetilboda for å oppnå stordriftsfordelar. Skal ein få dette til, er geografisk nærleik ein føresetnad. Korleis ein kan oppnå dette med ein køyreavstand på over to timar mellom dei to kommunesentra og med ein annan kommune imellom, verkar for meg uforståeleg. Det må vere langt betre at Flora slår seg saman med Førde, og Vågsøy med Eid og Selje, men dette er visst vanskeleg fordi der er «dårleg kjemi» mellom dei noverande politikarane i dei respektive kommunane. Samanslåingsprosessen skal munne ut i nye kommunar som skal drivast i mange tiår framover og då må noverande politikarar heve seg over personlege motsetnader, slik at ein kan få ein mest mogeleg optimal kommunestruktur for framtida.

Eg ser også at det vert ivra frå nokre næringslivutøvarar i ytre del av vår kommune, at næringslivet treng at Bremanger går inn i ein større kystkommune. Eg driv ei lita bedrift frå Davik med sju tilsette frå Vågsøy, Eid, Oslo, Høyanger og Bremanger. Vi samarbeider med Veterinærinstituttet i Oslo, Europharma i Lofoten, Slakteriet AS i Høyanger og Norwell i Flora m.fl. Kommunegrenser og fylkesgrenser har, etter vår erfaring, inga betyding for kven vi har som tilsette, kven vi samarbeider med og kor godt samarbeidet er.

Det må vere betre at Flora går saman med Førde, og Vågsøy med Eid og Selje, men dette er vanskeleg fordi det er dårleg kjemi mellom dei politikarane i dei respektive kommunane.

Stig Bakke

Så kvifor skal det være så viktig for desse næringslivsaktørane med kommunesamanslåing? Bremanger har vedteke at ein vil stå åleine, kommunen har noko høgare inntekter enn kommunane rundt, men er også dyrare å drive grunna spreidd folkesetnad. Kommunen har gjennomført eit førstudium der ein konkludere med at ein vil stå åleine med følgande konklusjonar:

- Bremanger blir ein utkant i ein (stor)kommune

- Viktige arbeidsplassar forsvinn gjennom sentralisering av funksjonar/oppgåver

- Ein ny (stor)kommune ikkje vil ikkje kunne oppretthalde eit tenestetilbod nært innbyggjarane

- Kraftinntektene forsvinn frå samfunna som har avstått naturressursar

- Lokaldemokratiet ikkje vert styrka, men tvert imot svekka gjennom lengre avstand til avgjerdstakarane.

Mi oppmoding til politikarar i kommunar som ynskjer å slå seg saman, er å gå i forhandlingar med kommunar som ein har felles grense med og geografisk nærleik til. Om Bremanger vert tvinga inn i den nye kystkommunen, så vil bygdene Ålfoten, Davik og kanskje Rugsund vende seg mot Eid.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags