– Etter 20 år i politikken har eg aldri opplevd hets

Anders Ole Sunnarvik

Anders Ole Sunnarvik

Av
DEL

DebattEg er kanskje den med lengst erfaring som folkevald i Kinn kommune med 5 perioder (20 år !) i Flora bystyre, og 4 perioder (16 år i Flora formannskap). Har samstudnes i desse åra vore leiar både for administrasjonsutvalet og prosjektkomiteen, samt diverse kommunale styreleiarverv. Dette trass i at eg er langt frå den eldste i Kinn kommunestyre med mine 55 år.

Eg har aldri gjennom desse åra opplevd sjikane, hets, hatefulle ytringar eller truslar. Då var det faktisk mykje tøffare å vere leiar i Eikefjord grendalag i den perioden debatten om monsterlinja (transportkraftlinja til Ørskog) skulle gå gjennom bygda.

Det handlar mykje om korleis politikarane også balanserer sin makt og posisjon, og kommuniserer på en tydelig og tillitsfull metode til innbyggarane.

Folkevald i Kinn: «Eg held meg meir innandørs, og unngår å gå i butikkar og slikt»

– Jo lenger du er på Facebook, jo meir misser du trua på menneska

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags