De stilte kommuneoverlegen spørsmål om korona. Her er svara hans

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale Foto:

FLORØ: Spørsmåla knytt til korona var mange.

DEL

Det er mykje uvisse knytt til koronaviruset og situasjonen vi er oppe i. Vi bad difor lesarane våre sende inn sine spørsmål. Her kan du sjå kva kommunelege Jan Helge Dale har svart.

Spørsmåla:

Mange nyttar tida dei har fått til rådvelde til å gå på Brandsøyåsen i finvêret. Andre bruker toppturen som trim, og både hostar og harkar og spyttar. Burde det ikkje vere restriksjonar og tryggingstiltak her også? Kanskje særleg på toppen der folk slenger seg ned på benkane og er sosiale?

  • SVAR: Det er bra at folk er ute og i aktivitet. Smitte skjer ofte ved nærkontakt, så vi må hugse å halde avstand. Og så gjeld dei generelle hygieneråda, som å nyse i ålbogen. Når det gjeld å bruke benkar, så får ein passe seg kor ein tar på benkane, og vere nøye med å vaske hendene etterpå.

Eg jobbar på ein båt som går i området rundt Tromsø, og skal heim på onsdag. Skal fly Tromsø-Oslo-Florø. Må eg då i karantene når eg kjem til Florø på grunn av eit stopp på Gardermoen?

  • SVAR: Nei, det står eksplisitt at transitt på flyplassar ikkje tel. Så nei, har du vore i transit, må du ikkje i karantene.

Eg ser det er sett opp karantene for folk som kjem frå Rogaland osv. ved heimkomst til Kinn kommune. Korleis er det med oss som jobbar på oljeplattformar utanfor Rogaland? Vi er berre i transit på flyplassen der. Skal vi også i karantene ved heimkomst?

  • SVAR: Nei, du treng ikkje gå i karantene. Sjå for øvrig svaret over.

Eg har karantene fordi eg var i Rogaland sist veke. Kan eg reise tilbake dit i kommande veke med privat bil? Karantenen gjeld vel berre inn til Sogn og Fjordane?

  • SVAR: Ja, du kan reise tilbake.

Eg har ein treåring i risikogruppa (hjertefeil). Bør vi rådføre oss med lege angåande vaksine mot lungebetennelse?

  • SVAR: Det er det ikkje grunnlag for. Lungebetennelsevaksinene som er igjen, er reservert til ein veldig snever målgruppe som denne risikogruppa ikkje er innafor.

Når det på sikt er ein del som blir erklært friske etter å ha hatt COVID-19, veit ein nok om viruset enno til å konstatere om desse framleis kan vere bærarar? Og er det eventuelt då berre på overflater (hånd/hud), eller er det også framleis fare for dråpesmitte? Er det stadfesta tilfelle av personar i verda som har blitt sjuk med koronaviruset for andre gang? Eventuelt etter at viruset har mutert?

  • SVAR: Nei, vi veit ikkje nok om COVID-19 enno til å seie noko sikkert. Men det er ikkje det vanlege, at ein blir bærar etter denne type luftveisinfeksjon. Virus generelt smittar når du er sjuk, og ikkje når du er blitt frisk att. Det går rykter om at det er personar som har blitt sjuk med koronaviruset for andre gong, men dette er ikkje stadfesta. I utgangspunktet tenker eg vi blir immune om vi har hatt koronaviruset, som med andre infeksjonar. Men som sagt, dette veit vi ikkje nok om. Og ja, viruset kan sjølvsagt mutere slik influensaviruset gjer, vi forandrar allereie influensavaksinen frå år til år, men vi får ta ein sorg om gangen.

Eg lurer på om dei (studentane) som kjem frå til dømes Oslo og heim til Florø i desse tider, om dei må vere i karantene i to veker, sidan Oslo er ein av byane med mange korona-smitta personar?

  • SVAR: Ja, regelen gjeld fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, Trøndelag og det geografiske området som tilsvarer tidlegare Hordaland. (sjå artikkelen under).

Innfører karantene også om du har vore på reise innanlands

Eg lurer på om eg som i 2010 vart operert for lungekreft må ta ekstra omsyn, eller om eg er i en ekstra risikogruppe.

  • SVAR: Eg tenker at alle som har vore sjuke, og for så vidt oss andre også, må ta ekstra omsyn for å hindre smitte. Men er ein i rimeleg god form, sjølv om ein har vore sjuk tidlegare, er ein ikkje i ein spesiell risikogruppe. Formen her og no er det som er avgjerande.

Kva er dei oppdaterte testkriteriene for korona, altså kven testar de og kor tid? Er det ulike testkriterier for ulike husstandar (det vil seie husstandar der familiemedlem av karantenesette er i risikosona på grunn av underliggande sjukdommar, eller ikkje i risikosona?

  • SVAR: No er det helsepersonell som er sjuke som blir testa, og helsepersonell som har vore i riskosituasjonar. Med risikosituasjon meiner vi kontakt med påvist, positivt smitta personar. Som alle andre skal desse gå i karantene straks om dei blir sjuke. Det er viktig å presisere at det er karantene som er viktig for å bekjempe viruset, ikkje testing. Vi har i dag eit betydeleg press frå folk som vil testast, men det er karantene som hindrar smitte.

Dei siste dagane har mange utanlandsstudentar, utenlandspensjonistar og så vidare komme heim. Når kan ein vente effekten i Florø av at ein del av desse kan ha viruset?

  • SVAR: Det er viktig at vi ikkje stigmatiserer verken utanlandsstundetar eller utanlandspensjonistar. Dei som berre har vore på helgetur til Bergen utgjer ein like stor smittefare som desse. Alle gjer best innsats ved å halde seg i ro.

Når dei som blir sjuke blir friske, er dei då immune? Og ikkje lenger smittebærande?

  • SVAR: Vi reknar med at dei blir immune då ja, men som eg sa lenger oppe her så veit vi ikkje mykje om COVID-19. Personleg reknar eg med at dei ikkje er smittebærande.

I en situasjon med astma, der ein får influensasymptomer samt at ein kjenner det i brystet sjølv om ein er influensavaksinert og kan kanskje utelukke dette. Kva gjer ein om dette oppstår? Skal ein testast når ein er i ei sårbar gruppe? Eller skal ein berre la det gå sin gang til ein eventuelt treng helsehjelp?

  • SVAR:Ein skal halde seg i karantene og la det gå sin gang til ein treng helsehjelp.

Dersom ein får barn heim på påskeferie frå Oslo, så skal han jo i karantene medan han er her i Florø. Men, kan ein då etter endt ferie - men før karantenetiden er utløpt - køyre han til flyplassen for retur til Oslo? Bortsett fra personalet på flyplassen så skal jo resten som er der tilbake til Oslo eller Bergen, så dei er jo i samme båt (eller fly...).

  • SVAR: Ja, det kan du.

Kvifor følger ikkje Kinn kommune WHO si sterke tilråding om å teste og teste og teste og spore. Det er den måten ein kan bryte kjeden på, hevdar dei vidare.

  • SVAR: Det er fordi Kinn kommunge følger dei nasjonale styresmaktene sine råd til punkt og prikke. Igjen, det er karantene og isolering som er viktig når det gjeld å få bukt med viruset, ikkje testing. Dess meir smitten kjem i befolkninga, dess viktigare er det at alle tek ansvar og held seg for seg sjølv.



Artikkeltags