- Alle ville hjelpe tyskarane heim

Kjell Askeland.

Kjell Askeland. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Kjel Askeland frå Davik er bokaktuell med store og små historier frå krigsåra.

DEL

- Alle ville hjelpe tyskarane heimatt. Med mot og fantasi utførte dei risikoprosjekt med dramatiske konsekvensar. Eg merka ofte at det kosta å fortelje om det dei aldri ynskte å oppleve. Mange har aldri før snakka om eigne opplevingar under krigen, ikkje ein gong til sine næraste. Eg kjenner eit ansvar for å ta vare på historiene deira, seier forfattar Kjell Askeland.

Sytti år etter freden kom, lever enno nokon som hugsar. I den tredje boka i serien "Folk før" frå Selja Forlag, let forfattaren Kjell Askeland 35 nordfjordingar fortelje om små og store hendingar frå krigsåra i Nordfjord.

Forfattaren

Forfattaren Kjell Askeland (72) frå Askeland i Bremanger er pensjonert lærar og frilansjournalist. Han har tidlegare skrive to bøker i serien "Folk før", og i alt har han no portrettert 110 godt vaksne nordfjordingar i bøkene sine.

Krigen sette djupe spor i alle som opplevde han. Den var eit avgjerande skilje, ikkje berre i livet til den enkelte, men også i norsk historie. Dei 35 forteljarane i boka er fødde i åra 1910-48, og kjem frå kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal, tjue menn, femten kvinner. Alle har historier å fortelje, historier som det er verd å ta vare på.

- Det gjer inntrykk å møte og høyre historiene til dei som fekk ungdomstida si så sterkt prega av krigsåra. Krigen var både kvardagsliv og dramatikk, spenning og tragediar, og mykje hardt arbeid i enkle kår. Men lukkelege stunder hadde også fleire av dei eg har snakka med, så biletet er samansett, seier Kjell Askeland.

I denne boka minnest dei som no er gamle viljen til å kjempe mot tysk overmakt, både gjennom krigs- og sabotasjehandlingar, og i kvardagslivet. Her er tre som deltok i kampane i Valdres i april 1940, fem som opplevde Måløyraidet 3. juledag 1941. To var kurerer for heimestyrkane, tre dreiv med våpentransport.

Artikkeltags