- Fekk nesten sjokk over alle som kom

Artikkelen er over 1 år gammel

- Oppmøtet på Abbeldagane var overveldande. På laurdag hadde vi 5-600 besøkande.

DEL

Abbeldagane i DavikJonny Bakke i Abbel Tradisjonsmat i Davik har tydelegvis treft ein folkeleg nerve med arrangementet sitt i helga. Parkeringsplassen rundt industibygget i Davika var faktisk heilt sprengt i kapasitet.  

- Det ser ut til at dette kan vere ei nisje å satse på. Konseptet fungerte veldig bra, særleg dette at ungar og vaksne for den del, fekk vere med sjølve på å kjevle ut ein baksteleiv, ta ut feittet frå rømegrauten eller å måre ut ei pølse, fortel Jonny.

For den eldre garde var det mange som sette pris på å få innblikk i ølbrygging med å vere med å meiske ut ølet.

Abbeldagane vart rett og slett ein braksuksess.

Jonny Mikal Bakke
Abbeldagane- Reidun Isane Solvang, Davik, kjevlar ut flatbrød medan Randi Myklebust, Ålfoten, steiker.

Abbeldagane- Reidun Isane Solvang, Davik, kjevlar ut flatbrød medan Randi Myklebust, Ålfoten, steiker. Foto:

Arrangøren hadde også eit opplegg med jam på fredagskvelden, der det var 60-70 deltakande. Laurdagskvelden var det dans med Vi Menn.

Men arrangementet hang ikkje berre på skuldrane til hovudpersonen sjølv. Kona Siv Merete hadde ein god del fingrar med i spelet og dei to rettar ein stor takk til mange andre hjelparar.

- Vi vil takke for alle som har vore med og hjelpt oss med å få gjennomført dette arrangementet. Mange flotte hjelparar har stått på både seint og tidleg. Utan dei hadde det aldri gått, så tusen hjartelig takk, vi er evig takknemmelege. Ei stor takk og til alle utstillarane, og Davik og Ålfoten Musikklag for flott underhaldning. Vi må heller ikkje gløyme å sende ei takk til alle gjestane våre, vi hadde nesten 600 personar innom oss på laurdag, nesten så vi ikkje kan tru det. Vi håpar at de alle hadde det like kjekt som oss, avsluttar dei to.

Abbeldagane.

Abbeldagane. Foto:

Artikkeltags