Malene Joensen frå Davik sette nye norgesrekordar for junior i NM i styrkeløft fredag. Den bergensbusette davikjenta har berre drive med denne idretten halvanna år. NM vart arrangert i april og då vart Malene nummer to i sin klasse. Men med desse resultata er ho no rangert som nummer ein i landet.

– Under fysioterapi-utdanninga mi var eg på utveksling til Sverige. Der var det ein styrkeløft-klubb og eg fekk prøve meg litt  i idretten der. Det gav meirsmak og då eg kom tilbake til Bergen tok eg kontakt med styrkeløft-miljøet her, fortel Malene, som no er ferdig utdanna fysioterapeut og jobbar på Haukeland sjukehus. I tillegg studerer ho samfunnskøkonomi på universitetet i Bergen.

– Korleis kjennest å vere landets beste?

– Det er no ein relativt liten idrett, men det er artig. Faktisk veldig kjekt.

 

Malene sette ny norgesrekord for junior i utstyrsfri knebøy med 170 kg. Ho sette også ny norgesrekord med 420 kg samanlagt.

Styrkeløft er ein idrett med øvingane knebøy, benkpress og markløft. Det er tre forsøk i kvar øving og eit løft må vere godkjent i kvar for å få godkjent totalsummen.

Idretten er delt i to greiner, med og utan utstyr. I klassen "Med utstyr" brukar ein spesialdrakt, knevarmarar, løftesko og handleddsbind for å kunne løfte meir, medan i "Utan utstyr" brukar ein berre løftesinglet og belte.  

Seinare i haust skal Malene representere Norge i junior-EM i Litauen. Dette kjem fram på Bergen Styrkeløftklubb sine instagram-sider.

Ho ser på Bergen som heime -  i alle fall nokon år til.

– Eg er no Davik-jente og kjem alltid til å vere det, men det blir vel nokon år til her i Bergen.