Smarte nok - i år igjen

"The solution": Ti jenter og seks gutar frå Davik Oppvekst.

"The solution": Ti jenter og seks gutar frå Davik Oppvekst. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Laurdag var det klart: Laget «The Solution» frå Davik Oppvekst er finaleklar i verdas største kunnskapskonkurranse for born og unge mellom 10 og 16 år.

Laget har kvalifisert seg til skandinavisk finale i First Lego League, ein kunnskapskonkurranse som skal auke interessa for teknologi og viskap hos barn og unge.

Det er ikkje første gong.

Har deltatt i årevis

Kunnskapskonkurransen First Lego League blir arrangert for femtande gong.

Davik Oppvekst har vore med i rundt ti år. Årets lag heiter «The Solution» og er eit lag av ti jenter og seks gutar i 13- og 14-årsalderen.

Laget går vidare saman med 22 andre frå Norge. Finalen finn stad i Mo i Rana 28. november. Laget konkurrerer på vegner av heile fylket.

Framtidas oppfinningar

Årets tema er avfallshandtering i framtida.

Elevane konkurrerer innan marknadsføring, samarbeid, teknologi og forsking – samt robotkonkurransen, der dei styrer ein eigenprodusert robot av Lego gjennom ei hinderløype.

Petter Smart kan berre gå og legge seg.

Artikkeltags