- SCAT-1 er ikkje eit krav

Widerøe på Florø lufthamn. Arkivfoto: David Bowen

Widerøe på Florø lufthamn. Arkivfoto: David Bowen

Artikkelen er over 4 år gammel

Samferdsledepartementet avviser at SCAT-1 er eit krav i flyanbobdsrunden, slik DAT hevdar.

DEL

DAT-sjef Jesper Rungholm hevdar at flyselskapet ikkje kan legge inn anbod på flyrutene i Sogn og Fjordane fordi Samferdsledepartementet krev eit innflygingssystem som heiter SCAT-1.

DAT skuldar også Widerøe for å hindre at dei får tilgang til systemet, noko Widerøe avviser på det sterkaste.

Les meir: – Kun Widerøe kan by

Ikkje SCAT-krav

Informasjonssjef i Widerøe, SIlje Brandvoll, seier at DAT sine skuldingar fell på eiga urimelegheit, og påpeikar at SCAT-1 ikkje er eit krav på vestlandsrutene i denne anbodsrunden.

Det stadfestar Samferdsledepartementet til Firdaposten. 

- I anbodet for FOT-rutene i Sør-Norge, har ikkje Samferdsledepartementet sett krav til eit spesifikt system som til dømes SCAT-1, men vi har fastsett eit funksjonskrav om satellittbasert instrumentinnflyging der slike prosedyrer er etablert, seier statssekretær Tom Cato Karlsen i Samferdsledepartementet til Firdaposten.

Per i dag er det uansett kun Førde lufthavn Bringeland som har SCAT-1 i Sør-Norge.

Karlsen stadfestar at fram til no har eit krav om satelittbasert instrumentflyging i praksis betydd at ein må nytte SCAT-1. 

Tom Cato Karlsen. Pressefoto

Tom Cato Karlsen. Pressefoto

SCAT-1

  • Avinor sitt satelittbaserte innflygingssystem for kortbanenettet.
  • Widerøe er einaste selskap som har dette i Norge, og kontrollerer også lisensane på systemet, i samarbeid med kanadiske Field Aviation.
  • Basert på GPS, angir ein innflygingstunnel med glidebane, veggar og botn. Flyet vil motta alarm om flyet kjem for langt ned eller til sida for innflygingstunnelen.
  • SCAT-1 skal ha vore medverkande årsak til at DAT mista Lofoten-rutene i 2012.

Men Avinor arbeider no med alternative prosedyrer som skal vere på plass i Sør-Norge innan 1. april 2016, då neste anbod tek til å gjelde.

- Lettare å by no

Departementet har informert om at SCAT-1 ikkje er eit krav, seier statssekretæren.

Alle anbydarane har hatt tilgang til informasjon om at nye satelittbaserte system vil vere på plass i Sør-Norge innan oppstart av den nye anbodsperioden 1. april 2016, og det er derfor at SCAT-1 ikkje er spesifisert i anbodsutlysinga.

- I anbodspapirene er det også oppgitt kontaktinformasjon til Avinor og Luftfartstilsynet, samt oppgitt moglegheiten for å innhente tilleggsinformasjon frå departementet, påpeikar Karlsen.

I tillegg er det i denne runden lagt opp til at flyselskapa kan kombinere fleire ulike flyruter i større grad enn før.

- I tillegg til å ikkje spesifisere krav om SCAT-1, gjer det store talet kombinasjonsmoglegheiter av flyruter på Vestlandet det lettare å legge inn bod på mindre anbodspakkar, meiner departementet.

- Samanlikna med anbodsgrunnlaget som vart laga for fire år sidan, i førre runde,  er årets anbod såleis enda meir tilrettelagt for konkurranse enn tidlegare, meiner Karlsen.

- Oppsiktsvekkande

Informasjonsjef i Widerøe, Silje Brandvoll, meiner skuldingane frå DAT-sjef Jesper Rungholm er absurde.

- Det er jo ganske oppsiktsvekaende at DAT ikkje har satt seg inn i krava for det nye anbodet. Å hevde at vi nyttar SCAT-1 som eit middel for å blokkere for konkurranse er jo absurd, all den tid at Samferdsledepartementet ikkje har stilt krav om SCAT-1 for å kunne legge inn anbod på Vestlandet, seier Brandvoll.

WIDERØE: Silje Brandvoll, informasjonssjef. Pressefoto

WIDERØE: Silje Brandvoll, informasjonssjef. Pressefoto

Widerøe har uansett SCAT-1-system tilgjengeleg for leasing til andre selskap, via selskapet Field Aviation, påpeikar ho.

Les meir: – Kun Widerøe kan by

Veldig leit

Leiar i Flora Industri- og Næringsforening (FIN), Bjørn Hollevik, har følgt flyanbodsrundane tett gjennom mange år.

Han synst det er veldig leit om Danish Air Transport har misforstått anbodspapirene.

- FIN ønskjer mest mogleg konkurranse på flyrutene, det er berre positivt for brukarane av flytilbodet om det kjem fleire aktørar. Det er veldig trist om DAT har misforstått og såleis gått glipp av anbodsrunden fordi dei har lest anbodsdokumenta feil, seier Hollevik.

- Det er rett og slett frykteleg leit, seier FIN-leiaren.

Artikkeltags