Det nederlandske arbeidstilsynet meiner å ha påvist at sandstein frå Norge, som blir brukt i Nederland både til vegbygging og til jernbaneanlegg, kan gjere folk sjuke.

Det melder NRK Vestland.

Dei viser til ei sak frå den nederlandske graveredaksjonen Zembla, som har avslørt at jernbanearbeidarar skal ha blitt sjuke av å puste inn kvarts-støv, som det finst ein del av i sandsteinen.

Varselet frå det nederlandske arbeidstilsynet skal ifølgje NRK i praksis vere eit forbod mot å bruke den norske steinen, som blant anna kjem frå Bremanger Quarry sitt steinbrot.

Frå mars i år er det forbode å bruke stein som inneheld kvarts i jernbanetunnelar og ved togstasjonar, og frå 1. september vil forbodet utvidast til å gjelde heile det hollandske jernbanenettet.