the royals crew Florø dansegruppe

the royals crew Florø dansegruppe Foto:

Dei er sjølvlærte, og trenar fleire timar for dagen. Målet? Verdsherredømme.

Dansarane i the Royals Crew jobbar mot eit langsiktig mål. Å bli best i verda. Med ein eigenutvikla dansestil.
Linda Regina Bruvik
Publisert
DEL
Dansarane i the Royals Crew jobbar mot eit langsiktig mål. Å bli best i verda. Med ein eigenutvikla dansestil.

«Å bli best i verda».  «Å skape ein eigen dansestil innan hiphop». Det er kanskje ikkje typisk sunnfjordske mål. Men Hubert Wilk (20), Mohammed Alhaddad (19) og Junadi Betelgeriev (22) er brennande engasjerte i dans. Og dei har tru på det dei driv med.

Dei tre sjølvlærte dansarane jobbar mot eit langsiktig mål. Å bli best i verda. Og det med eigenutvikla dansestil.

I desember starta dei difor dansecrewet «The Royals crew», og no har dei ambisjonar så det held.

– Målet er toppen!, fortel Junadi.

– Og kva er toppen?

– Å bli best i verda. Å vinne «World of dance».

World of dance er ein amerikansk realityserie, produsert av Jennifer Lopez, der dansarar, både soloartistar og dansegrupper, konkurrerer om førstepremien på ein million dollar.

I 2017 var det forbilda til The Royals som vann, dei franske verdskjende tvillingane Les Twins. Dei er hiphop-dansarar, koreografar, modellar, og eit internasjonalt fenomen i sosiale media. Dansestilen til Les twins vert ofte kategorisert som «New Style hiphop», ein stil drar inspirasjon frå ulike typar hiphop-dans, men med sterk vekt på isoleringar, body rolls, flytande rørsler (fluidity) og musikalitet i dansen.

– Vi er veldig inspirert av dei, så litt av stilen vår har vi der ifrå. Det er ein relativt ny dansestil her heime i Norge. Men vi brukar mange ulike typar freestyle hiphop i dansen vår, fortel Junadi.

– Vi vil skape vår eigen, unike stil. Vi vil bringe noko nytt, som er outside the box, seier Mohammed.

– Og vi vil gjerne sjokkere folk. Vekke oppsikt med unormale moves, legg Hubert til.

Men før dei kjem så langt?

– Mykje meir øving. Vi skal øve og øve og øve. Og vi skal vidareutvikle oss, så alle får sin eigen unike dansestil, seier Hubert.

– No blir det eit hardkøyr framover. Vi skal nå toppen, no er det ingen veg tilbake, slår Junadi fast.

– Ja, vi skal klare dette. Vi øver heile tida, og eg veit vi kan få det til, legg Mohammed til.

At dei øver heile tida er inga overdriving.

– Vi øver minst fire timar for dagen, ofte meir, fortel Mohammed. Både heime kvar for seg, og saman. Det går i beats og moves dagen lang.

Sjå video frå øvinga deira søndag:

(saka held fram under videoen)

Dansarane er sjølvlærte, og brukar internett og YouTube-videoar for å lære. På Instagram har crewet ein eigen konto der dei legg ut dansevideoar, som dei får ein del tilbakemeldingar på, både tips og skryt, frå fleire kantar av verda.

For med sosiale media har verda blitt så mykje mindre. Ein treng ikkje reise til New York eller LA for å bli profesjonell dansar, eller få oppdrag om å danse i ein musikkvideo eller på scena for ei stjerne. Klarer ein å vekke oppsikt der? The sky the limit.

–Gjennom sosiale media har vi allereie fått eit oppdrag, vi laga musikkvideo til ein rapper frå USA, fortel dei.

Kvar søndag lånar dei diskoteket på ungdomshuset Haffen i seks timar. Då dansar dei og terpar og finpussar på ulike rørsler framfor spegelveggen.

– Heile veka går vi og ventar på at det skal bli søndag, så vi kan få trent skikkeleg. Det er vanskeleg å trene i lag heime hos folk, utan skikkeleg spegel. Så vi er på utkikk etter eit øvingslokale vi kan bruke resten av veka, fortel dei.

The Royals Crew øver på Haffen kvar søndag.

The Royals Crew øver på Haffen kvar søndag. Foto:

Dansecrewet består ikkje berre av desse tre. Mohammed Adan og David Zimniski er også med, i tillegg til jentene Roxana Niculina Pascu, Dorthe Havn, Lone Leversund og Yana Briky. Jentene dansar hovudsakleg koreografiar, ikkje freestyle som gutane.

Den spede starten på gruppa var i august, då Junadi flytta heim att til Florø, og blei kjend med Hubert og Mohammed. Dei fann fort ut at dei hadde ei felles interesse for dans. Før dei starta gruppa, øvde dei kvar for seg, heime. Dei såg på videoar, og kopierte andre dansarar. Men i lag fann dei sjølvtilliten til å danse framfor andre.

– Vi inspirerer og motiverer kvarandre. Solo er skummelt, men viss ein er ei gruppe, har ein støtte, og det er raskare og enklare å nå måla, meiner dei.

Den intense øvinga har gjort at dei ser rask framgang. Framgangen kan ein også sjå på videoane på instagram-kontoen deira.

– På få månader har vi sett veldig stor endring. Florø har talent. Berre vent å sjå!, lovar Junadi.

– På Instagram kan folk sjå reisa vår – og følge utviklinga framover. Berre følg med, de vil sjå ein utruleg framgang!, seier Mohammed.

Dansarane Hubert, Mohammed og Junadi (ikkje på dette bildet) øver fleire timar kvar einaste dag.

Dansarane Hubert, Mohammed og Junadi (ikkje på dette bildet) øver fleire timar kvar einaste dag. Foto:

Mens dei no sakte men sikkert øver og vert dyktigare, håpar dei å få nokre dansejobbar og tene litt pengar. Det vil dei bruke på betre utstyr for å spele inn dansevideoar som har høgare kvalitet og betre innhald. På sikt håpar dei at dansen kan bli eit levebrød. – Vi vil leve av dansen, og vere våre eigne sjefar. Jobbar eg i ein butikk, så oppfyller eg draumen til han som eig butikken. Men ikkje min eigen, seier Junadi.

Dei håpar også at dei kan inspirere andre.

– Vi vil gjerne invitere andre danseinteresserte til å joine oss på Haffen om søndagane. Ein kan komme og sjå på, eller delta i dansinga, om ein ønsker det, seier Junadi.

– Folk er hjarteleg velkomne! Vi blir glad om andre blir inspirert av oss. Og vi veit at det er mange andre i Florø som er interessert dans, men kanskje ikkje tør. Så det er berre å komme hit!, oppfordrar dei tre.

Hiphop

Hiphopdans er dansestilar som blir dansa til hiphopmusikk, eller som har utvikla seg som ein del av hiphop-kulturen. Dette inkluderer eit breitt spekter av stilartar, m.a. breakdance, locking, popping, animation, lyrisk hiphop og crumping. I hiphop freestyler (improviserer) dansarane ofte, og har gjerne dansebattles. Hiphop-rørsla oppstod på midten av 70-talet, i New York. I dag er både musikken, dansen, graffitien og livsstilen godt representert i kulturlivet over heile verda.

Artikkeltags