DAT vil kun fly Røros

Artikkelen er over 4 år gammel

DAT har meldt seg på i konkurransen om ei av flyrutene i Sør-Norge.

DEL

Ved anbodsopninga onsdag hadde Samferdsledepartementet motteke anbod frå to flyselskap som ønskjer å fly dei regionale rutene i Sør-Norge frå 1. april 2016.

Selskapa som vil fly er Danish Air Transport og Widerøe, melder regjeringa i ei pressemelding onsdag.

- Vi vil no starte prosessen med å få igjennom dei innkomne anboda. Vi tar sikte på å ha beslutninga klar så tidleg som muleg i løpet av hausten, seier statssekretær Tom Cato Karlsen.

Dei aktuelle rutene selskapa kan konkurrere om er:

  1. Røros – Oslo
  2. Førde – Oslo
  3. Sogndal – Oslo
  4. Sandane – Oslo
  5. Sogndal – Bergen
  6. Sandane – Bergen
  7. Førde – Bergen  
  8. Ørsta-Volda – Bergen

Kun Røros

Samferdsledepartementet har ikkje opplyst om begge selskapa har levert anbod på alle flyrutene.

Torsdag seier Jesper Rungholm i DAT til Lofotposten at dei kun har levert inn tilbod på ruta Røros-Oslo.

Dei vil altså ikkje konkurrere om rutene i fylket, slik Firdaposten meldte onsdag.

Det vil seie at Widerøe er einaste tilbydar på rutene Førde-Oslo, Sogndal-Oslo, Sandane-Oslo, Sogndal-Bergen, Sandane-Bergen, Førde-Bergen og Ørsta-Volda-Bergen.

Les meir:

Møter Samferdsledepartementet i retten

DAT tapte sak mot staten

DAT og Widerøe krigar om nordnorge

Widerøe har snart monopol

Dobbelt nederlag for DAT 

Artikkeltags