Kundane til Liv og Geir er landets «grønaste»

BILETTEKST

MILJØNISSAR: På Prix Svelgen har sjølv julenissen gått over til miljøvenleg handlenett. Liv Brekke og butikksjef Geir Gjerde er stolte av at deira kundar er best av alle prixkundar i landet til å bruke miljøvenlege handlenett.

BILETTEKST MILJØNISSAR: På Prix Svelgen har sjølv julenissen gått over til miljøvenleg handlenett. Liv Brekke og butikksjef Geir Gjerde er stolte av at deira kundar er best av alle prixkundar i landet til å bruke miljøvenlege handlenett. Foto:

SVELGEN: Kundane til Coop Prix i Svelgen er best i landet på gjenbruksnett. På eit godt år har dei spart miljøet for nær 16.000 plastbereposar, og dei har tent like mange kroner på det.

DEL

- Vi tykkjer dette er heilt fantastisk, og kan berre rose våre miljømedvitne kundar. Og vi er sjølvsagt stolte over å vere best av alle dei 200 Prix-butikkane i landet, seier butikksjef Geir Gjerde i Svelgen. Tala han viser til er kor mange gongar dei miljøvenlege handlenetta har passert kassa sidan august i fjor. Då innførte Coop ein bonus på ei krone for kvar gong ein hadde med seg gjenbruknettet dei får kjøpe for ti kroner, og som varer lenge. No før jul hadde ein scanna inn 15580 miljøvenlege handleposar i Svelgen, mest av alle Prix-butikkane i landet.

Finn dei igjen i stranda

- Då vi rydda langs strendene her ute i sommar, såg vi at plastnett var noko av det som gjekk mest igjen. Det gjer godt å tenkje på at våre kundar har spart miljøet for så mange plastposar. Tenk om en hadde hatt eit tilsvarande tal i alle butikkar over heile landet! Dessutan sit ein igjen med ein pen vinst også. Eg ser berre på vår eiga hushalding, der vi er to vaksne. På dette dryge året har vi fått betalt 350 kroner for bruk av miljøberenettet, i tillegg har vi spart like mykje på å sleppe å kjøpe plastnetta. Så vi sit igjen med kring 700 kroner, i tillegg til å ha spart miljøet. Det er dobbel bonus, smiler Gjerde. Her ligg nok også grunnen til at bruken av plastberenett i Coop Prix sine butikkar har vorte redusert med 14 prosent dei siste to åra.

Bra for miljøet og lommeboka

- Er svelgarar spesielt miljømedvitne?

- Ja, det trur eg dei er. Ingen likar å finne igjen all denne plasten ute i naturen. Dessutan har vi vore på hogget i butikken, og vore aktive i å selje bodskapen om at dette både er bra for miljøet og lommeboka, smiler Geir Gjerde. På dei neste plassane på lista kjem Prix Leksvik med 14.738 og Prix Malm med 10.605. Dei 200 andre er under ti tusen.



Artikkeltags