Terje Hillersøy er den nye mannen, som no har fått eit heilt lag rundt seg. Han har vore rusmisbrukar sidan slutten av ungdomstida, og levd eit tøffare liv ein dei fleste i byen. No er fokuset trening og sykkel, etter at arbeidsdagen i Origod er over.

Trening som medisin

Vi har avtalt eit møte med han i garasjen til Rune Horgen, som er både mentor og treningskamerat. Dei møttest for nokre år sidan i Tiltakstenesta til kommunen, der Rune er tilsett. Kveldens prosjekt er å finjustere ein flett ny racersykkel.

– Eg er jo ein fersking i sykkelsporten. Første spinningøkta mi, var i 2019 og i vår debuterte eg på landevegen. Eg begynte i LAR-behandling, men fekk sterke biverknader av Subutex og panikkangsten kom til meg om nettene. Etter at vi starta med turgåing og etter kvart jogging, så slapp angsten delvis taket. Eg ville ikkje stappe i meg meir pillar, så då valde eg heller å trene, kvar dag, fortel han.


Den viktige mentoren

Korleis er dagane dine no?

Det kan ikkje samanliknast med tidlegare. Rune er på ein måte mentoren min og ikkje berre for meg. Han og dei andre tilsette i tiltakstenesta gjer ein kjempejobb for dei med rusproblem her i Florø. Dei har nok redda mange liv, inkludert meg sjølv.

– Eg vil sei at Terje med sin innsats, er med på å motivere dei andre som får eit tilbod frå Tiltakstenesta. Dei er ei gruppe på om lag åtte personar som trenar i lag. Ikkje alle greier å slutte med Subutex, men dei har forandra livet sitt og treninga vert ei ny dagleg rutine, fortel Rune.

Fekk hjelp og motivasjon

Etter at Terje fekk fast jobb i Origod og vart rusfri, er det slutt på det daglege oppmøte hos Rune og dei andre i kommunen som jobbar innan rus og psykiatri-feltet.

– Det nærmar seg to år, sidan eg kom i fast jobb. Og no jobbar eg blant anna som sjåfør, med utlevering av dørmatter og moppar som har vore til vask. Takka vere domstolsprogrammet som eg var under i tre år, med rustest kvar veke, fekk eg hjelp og motivasjon til å kome meg ut av misbruket, fortel han.

Held sjukdomen i sjakk

Det vert vel ikkje trening kvar dag?

Jo, omtrent det. Tidlegare kunne helga vere seig, men no har eg noko å fylle tida med. Eg merka stor framgang på kondisjonen og kanskje ligg det litt i genane og. Mor mi har alltid vore sprek og drive med jogging. Etter eg fekk MS-diagnosen vart treninga ekstra viktig. Sjukdomen påverkar balansen og det er litt ekkelt, sidan folk kan tru eg er rusa.

Han fortel om ei enorm støtte frå sykkelmiljøet. Dei har bidrege med utstyr og sørga for at når han skal delta på rittet Bergen-Voss, er det på ein karbonsykkel på berre 7.5 kilo.

Livet vart forandra

– Eg elskar humoren i cykleklubben, og at dei køddar med bakgrunnen min. Det toler eg. I ettervernsgruppa lærte eg at ein må vere ærleg, open og rusfri. Ein må innsjå at ein har eit problem, og at ein kan gå på tryne. Det kan skje med dei fleste av oss.

– Du veit, ei tid jobba eg som truckførar og var nøgd med livet. Så fekk eg ei massiv psykose som forandra heile meg. Då vart det vanskeleg, og det blei årevis med rusmisbruk. Nei, det er rare greier, å stå her og tenke tilbake på den tida.

Laurdag er han ein av 20 ryttarar frå Florø, som deltek i 46. utgåve av sykkelrittet Bergen-Voss. Neste mål for sykkelgjengen er Birkebeinerrittet og då er det terrengsykkelen som vert henta fram frå garasjen.