RINGSAKER BLAD: Firdaposten omtalte først saka som omtalte at mikrofonane fanget opp rasistiske utspel mot bortelagets spelarar. Det skal ha komme frå tilskodarar som sat i nærleiken av speakerbua. Blant anna skal det ha blitt kommentert kor mange negrar det var på bortelaget. Saka blei også sitert av Ringsaker Blad.

No har Brumunddal sjekka meir opp om kva som skjedde, skriv HA.

Dei har ikkje klart å høyre meldinga om negrar. Kommentaren om at ein spelar skulle reise heim til sitt eige land, meiner også Nybu er feil etter å ha høyrt lyden fleire gonger.

Han seier til avisa at gutegjengen som sat der kjem frå eit barnefotballag og at kommentaren om at spelaren skal reise til sitt eige land eigentleg er «ein må heie på sitt eige land». Bakgrunnen for kommentaren er at guten sjølv er frå eit afrikansk land. Kommentaren kjem 1.48.40 ut i sendinga her.

Etter å ha høyrt gjennom lydopptaket fleire gonger, meiner dei saka altså er meir nyansert enn at det blei slengt rasisme frå tribunen.

Ringsaker Blad har også fått informasjon om at fleire av gutane som sat i gjengen var mørke. Akkurat som Florø-spelaren Lars Yonas Larsen, som det gjekk ut over. Nybu meiner difor at den kommentaren ikkje var rasistisk.

Bjørn Nybu understrekar at klubben tek avstand frå rasisme.

– Alle som følger Brumunddal fotball veit at vi har vendt rasismen ryggen i 30 år. Vi har ei eiga bane kalla «vend rasismen ryggen», det står på draktene, eg ser på eit banner her der det står, vi heldt VRR-turnering i fjor. Standpunktet vårt er soleklart, og om det har vore sånne ytringar, tek vi sterk avstand frå det, seier han til avisa.