Gå til sidens hovedinnhold

- Då var nedlegginga av ambulansen i Ytre Bremanger eit faktum. Er eg overraska? Overhovudet ikkje, dessverre

Debatt:

Etter at eg såg samansetninga av styret i Helse Førde i Firdaposten, og etter at eg lengre tilbake såg samansetninga av arbeidsgruppa som skulle jobbe med prehospital plan for Ytre Bremanger, så har vi hatt små sjansar på vår side i det store biletet om ein er litt kynisk og ser på geografisk tilhøyrigheit.

Eg beit meg merke i at av fire representantar i det såkalla "profesjonelle og høgkompetente" panelet på folkemøtet i Bremangerhallen, var der to sogningar, som kom med fleire eksempel og snakka mykje om Sogn og omegn, og når ein óg ser samansetninga av styret i Helse Førde så blir ein og fort skeptisk når ein tenkjer på kven som faktisk har sett seg inn i utfordringane i høve vertilhøve og liknande i Ytre Bremanger og kysten generelt.

Korleis Bremanger kommune no skal kunne rekruttere bornefamiliar og legar til å flytte til kommunen, og då spesielt ytre del, det blir for meg vanskeleg å sjå. Det blir no ytterlegare press på legane våre i Ytre Bremanger, tredobbel responstid, og totalt sett ein mykje usikrare kvardag for innbyggarane.

Etter mange kampar om helsetilbod, ambulanse, jordmorteneste og andre funksjonar, er vi no byrja å bli mektig leie, og motivasjonen for å rekruttere folk til å flytte heim er forsvinnande liten. Etter at eg sjølv flytta heim, røysta eg Senterpartiet eine og åleine kun fordi eg ville bidra til å oppretthalde "tenester der folk bur".

Med eit sterkt Ap og eit sterkt Senterparti i regjering, forventar eg at denne saka blir tatt opp på høgare nivå og gjort noko med. Vi kan ikkje godta dette skambodet frå styret i Helse Førde.

Kommentarer til denne saken