Då var cup-eventyet over

Florø G14 - Tsv Neudorf Bornstein 0-4.

Florø G14 - Tsv Neudorf Bornstein 0-4. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

I dag rauk alle laga frå Florø og Bremanger ut av Norway Cup.

DEL

Forventningane var høge, då Florø G14 sitt 11-lag gjorde ein sterk kamp, direktesendt på TV, på tysdag. Onsdag morgon spelte laget sin første kamp i A-sluttspelet mot Sveiro og vann 6–0.

– Men det er først no cupen startar. Neste kamp går mot tyske Tsv Neudorf Bornstein, sa trenar Hans Erik Hansen etter sigeren.

Og dessverre gjekk det ikkje lenger for det unge laget. Tyskarane blei for gode og Florølaget måtte sjå seg slått 4–0.

– Dei var betre enn oss, både framme og bak. Dei hadde stabile stopparar og hurtige spissar. Dette var eit heilt fortent tap, seier Hansen.

Florø fekk ei scoring kjapt imot og sleit med å få tempo på ballen og spele inn i nye rom.

– Akkurat no er vi litt «deppa», men alle var einige om at det var ein grei måte å ryke på. Neudorf Bornstein kjem nok langt i cupen. Vi er eit reint Florølag og er eigentleg fornøgde med å komme blant dei 30 beste laga, av totalt 160 lag.

Rauk i «lokaloppgjer»

G14 sitt sjuarlag rauk også denne ettermiddagen. 4–1 mot Syril frå Leikanger i 16.-delsfinalen i B-sluttspelet.

– Det var ein jamn kamp der vi gjekk ut med 2–1 til pause. Det er klart det er synd, men laget tek det med godt mot, seier trenar Dag Atle Bøe.

Bremanger og ute

Det store håpet frå Bremanger var Leirgulenjentene J14. Tysdag spelte dei uavgjort mot Rennebu og tok seg vidare til 16.-delsfinale mot Breimsbygda. Kampen blei avgjort på straffespark og laget møtte vidare Syril i 8.-delsfinalen, men rauk ut med tap.

– Svelgen G16 sikra seg tidleg A-sluttspel, men tysdag måtte dei sjå seg slått av det egyptiske laget Oreon Spring og rauk til slutt ut på målforskjell, fortel ein av foreldra som er med på cupen.

Det aller siste Bremangerlaget, Svelgen G14, rauk ut i 16.-delsfinalen med eit 6–3 tap.

Alt i alt syntest G14-laget at det var ein grei kamp å ryke i. – Vi var nok uheldige med trekninga. Neudorf Bornstein er eit sterkt lag.

Alt i alt syntest G14-laget at det var ein grei kamp å ryke i. – Vi var nok uheldige med trekninga. Neudorf Bornstein er eit sterkt lag. Foto: