Det er mørketid, og koronaen gjer det heile endå mørkare. Raude smittetal blinkar som trafikklys over det ganske land, og på grunn av smittevernreglar og karantenekrav må vi sende eit «naudlandslag» for å spele fotball mot Austerrike. Gamlemor ligg i isolat på pleieheimen, Julebordsesongen går nedanom og heim, for sosial distansering er i ferd med å ta rotta på utelivet. – Det er ikkje same moroa å gå ut på by'n når det er ulovleg å tafse på eller ligge med ukjente, var det ein av dei lokale festløvene som fortalde meg her om dagen. Det kan nok så vere, og eg får tru han på det. Sjølv er eg meir oppteken av det er ulovleg, i alle fall viss ein har ei stor slekt, å invitere nære og kjære heim på førjulsbesøk. For sosiale restriksjonar råkar ulike folk på ulike måtar, men alle merkar det på ein eller annan måte. Bloggarar, psykologar. sosionomar og alskens forståsegpåarar er derfor uroa for den mentale folkehelsa, for mennesket er sosiale dyr som treng å omgåast artsfrendar viss dei ikkje skal gå på veggane.


Men det er ein del menneske som meiner å ha funne eit botemiddel mot følgene av den sosiale distanseringa, nemleg å tenne eit lys, eller aller helst ganske mange, i mørketida. Det pleier vi jo uansett å gjere sånn cirka på denne tida, men i år er det ekstra mange som har bestemt seg, i folkehelsas namn, for å gjere litt ekstra ut av det: Folk julepyntar ekstra tidleg, for i år skal «moder tenne alle lys så ingen krok er mørk», som det står i julesongen. I Førde pyntar dei til og med stillas og byggeplassar med lysstjerne for den mentale helsa si skuld. Og sidan vi for lengst har fått såpass god råd at vi ikkje treng å vente på noko godt, men kan unne oss alt godt akkurat når det passar oss, er det ingen vits i at moder skal måtte vente til første søndag i advent for å tenne julestjerner og lysestakar i vindauga.


Eg las nyleg om ei dame på strilelandet som for lengst har pynta og tent juletreet og gjort alt klart, ned til minste detalj. . Nissane er på plass i stova saman med ein himmelsk hærskare av englar og alt mogleg anna nips og stæsj som måtte høyre jula til, levert av den same handelsstanden som sel julelys av alskens slag, til hus, hage eller gravplass. For i desse koronatider treng vi all den gleda vi kan få., både levande og døde. Livet i adventstida er tungt og vanskeleg for mange som ikkje får reise på after-ski verken i Tyrol eller andre stader, og romjul i Syden kan vi berre gløyme. Så då går vi her og drøymer om Tahiti, mens vi trakkar i slaps og gledesløyse i gamle «furet værbitt», og ventar på ei jul som ligg altfor langt der framme. Som ein kar uttrykte det på Norsktoppen for nokre år sidan: «Livet er for kjipt, æ-hæ».


Vel, kjipt og kjipt: For handelsstanden er jo denne lengten etter jul, para med manglande tolmod, eigentleg godt nytt: Vanlegvis får dei kjeft frå irriterte kundar som klagar over at dei tjuvstartar jula, når dei første nissane dukkar opp i butikkane like etter skulestart. Men ikkje i år.! år er ingen ting som det brukar å vere, for einsemda og mørket trugar den mentale helsa., og vi leiter etter lyspunkt der dei måtte vere å finne.


I ei mørketid som er endå mørkare enn mørketider brukar å vere, har vi ikkje anna å gjere enn å følge eksempelet frå dei tre vise menn i Juleevangeliet. Dei visste knapt kor dei kom frå, hadde ikkje peiling på kor dei var og slett ikkje kor dei skulle. Dei berre gjekk etter lyset frå Betlehemsstjerna. Og for å halde oss nokolunde i psykisk balanse tyr vi til den gamle og velkjende løysinga vi har lært av dei tre vise menn: Vi tenn lys i mørket og prøvar å kose oss så godt vi kan, med julemat og snacks, mens vi stille konstaterer at akevittflaska er i i ferd med å gå tom. Igjen. Så då blir det vel ein ny tur på polet, i folkehelsas og julefredens namn, og framleis er det lenge att til jul…

Dama på strilelandet er langt frå den einaste som er ferdig med julepyntinga og som no kan sprengfeire jul i halvannan månad. Ho tilstår i eit intervju at innan den tid er ho såpass lei av jula at både tre og nissar går på hauet og ræva ut døra allereie første juledag. Det blir ei litt lang førebuing for svært lite, så derfor er ein altfor tidleg julefeiring litt som å tisse i buksa for å halde varmen.
Det hjelper ei stund, men så blir det kaldare. Første juledag, då juletre, nissar og julekrybbe skal ut av huset til dama på strilelandet, har ho framleis ei veke att å vente på nyttårsfeiringa, og så kjem januar og februar, som heller ikkje akkurat er nokre sprudlande lysfontener.

Men vi begynner jo så smått å nærme oss påske, så kvifor ikkje framskunde den litt? Jula varar som kjent heilt til påske, så kvifor ikkje berre erstatte nissen med påskeharen på andre juledag? Då har jo likevel nissen gjort det han skulle for i år, og vi får vi ein saumlaus overgang, som det heiter, til neste høgtid. For den saks skuld; Kvifor drøye heilt til 17. mai med å feire 17. mai?
Å vente på det som er godt, er vi jo slutta med likevel.