Då inntektsgrunnlaget til Stein Arve og Linda forsvann måtte dei tenke nytt

REIARPARET: Då den ordinære marknaden for Loyal forsvann, måtte eigarane Stein Arve Olsen og Linda Kaldestad snu seg rundt og prøve ut andre ting. No er dei på strandryddingstokt med Sunnfjord Folkehøgskule.

REIARPARET: Då den ordinære marknaden for Loyal forsvann, måtte eigarane Stein Arve Olsen og Linda Kaldestad snu seg rundt og prøve ut andre ting. No er dei på strandryddingstokt med Sunnfjord Folkehøgskule. Foto:

Shetland. Caledoniakanalen gjenom Skottland. Hebridane. Fair Isle, den vesle klippen lengst vest i havet.

DEL

Alt saman er kjende destinasjonar for Loyals kjøl – sannsynlegvis kan ho nærast finne vegen utan skipper – og planen var å pløye Nordsjøen også denne sommaren. NRK-journalist Dag Lindebjerg var hyra inn som reiseleiar for fleire av turane vest i havet, og på bookinglista stod òg fiskerimesse, oljemesse og blåturar. Det såg rett og slett lyst ut. Så kom fredag 13. mars og den eine avbestillinga etter den andre rann inn. Det var berre å innsjå at denne sommaren ikkje vil by på særleg mykje anna enn heimlege hamner. Og at dei 2,2 millionane i omsetning berre ville bli verande eit tal i tankane deira.

Fell mellom alle stolar

– Vi prøvde å køyre opne turar ut frå Bergen, fisketurar og sjørøvarturar frå barn, men det var ikkje mange som kom, fortel Linda Kaldestad og Stein Arve Olsen, eigarar av båten.

I eitt tilfelle kom det berre ein familie, som for sikkerheit skuld hadde bestilt plass på både sjørøvarturen og fisketuren. Dei hadde heile den romslege skuta for seg sjølv i seks timar, til ein svært rimeleg timepris. Fordi alt saman kom i stand på forholdsvis kort varsel, var det vanskeleg å ta i bruk eit billettsystem som gjorde at dei kunne krevje eit minimumstal påmelde før dei avlyste.

– Dermed blei det ein månads arbeid som gav omtrent same inntekt som ein normal blåtur gjer, konstaterer Linda.

Når det gjeld den statlege koronakompensasjonen, ligg Loyal også dårleg an. Skuta fell mellom to stolar, fordi den både er eit AS, og også har frivillig drift. Her dekkjer staten lønn og husleige, og det er ikkje den type utgifter Stein Arve og Linda har på båten. Fordi venneforeininga til Loyal, som bidreg med ein betydeleg del av vedlikehaldsarbeidet, ikkje er registrert i frivillighetsregisteret, får dei heller ikkje noko frå den potten.

– Dei tre store, altså Statsraad Lemkuhl, Sørlandet og Christian Radich, fekk 50 millionar kroner. Ein båt driven av frivillige krefter får 70 prosent av dei tapte inntektene sine dekka. Vi får ingenting, seier Stein Arve.

– Bakoversveis!

Men det dukka likevel opp ei moglegheit heilt utanfor det som ville vore den normale sesongen: Fjordane Friluftsråd hyra dei inn til eit tre vekers oppdrag i samarbeid med folkehøgskulane på Eid, i Førde og på Frekhaug. Dei tek elevane med på strandryddeoppdrag i Vestlands skjergard.

– Vi sende ut ein førespurnad til skulane, som var svært interesserte, fortel Magnus Mugaas Hegland i Fjordane Friluftsråd.

Dette er skular som normalt reiser atskilleg lengre av garde med elevane sine, men som er forhindra frå det no. Dermed blei det mogleg å slå to fluger i eitt smekk, med plastrydding og segltur for elevane.

Plastryddinga har også gitt skipper Stein Arve ei aha-oppleving. Han har hatt arbeidsstaden sin på sjøen dei siste 30 åra, og sjølvsagt vore klar over at plastforureining har utgjort eit problem – men ikkje kor gale det faktisk er. Mellom Rugsund i Bremanger og øya Hovden i Kinn, rydda og leverte dei 32 kubikkmeter med boss – fire tonn i vekt.

– Det er jo astronomiske mengder. Eg fekk bakoversveis, innrømmer han.

Han fortel at på dei åra han har jobba på sjøen, har han sett ei haldningsendring som har snudd nesten fullstendig.

– Før hadde vi søppeltønna på hekken, og det var nok mykje som gjekk over bord. No får båtane kvittering på at dei har levert bosset sitt, forklarar han.

12 BIGBAGS: Her står Åshild Rosland Mjølsnes og bak f.v. Johathan Bødker Rotabakk, Ine Fladsrud, Lisbeth Nygård Bilden frå Sunnfjord Folkehøgskule i Førde på noko av bosset dei har samla inn på Ånnøya denne veka.

12 BIGBAGS: Her står Åshild Rosland Mjølsnes og bak f.v. Johathan Bødker Rotabakk, Ine Fladsrud, Lisbeth Nygård Bilden frå Sunnfjord Folkehøgskule i Førde på noko av bosset dei har samla inn på Ånnøya denne veka. Foto:

450.000 kroner årleg

Dei finn mykje som er fiskerirelatert, men ikkje alt. Noko kjem langvegs frå, men ikkje alt. Det endrar seg litt med kvar ein er, forklarar Hegland.

– Her ute på kysten er omtrent 70 prosent av det vi finn av utanlandsk opphav og resten norsk. Men fer vi litt lenger inn i fjordane er det omvendt. Og det er det som er lokalt som er fiskerirelatert.

Då Firdaposten var om bord, stod tolv bigbags på dekk klare til å bli leverte. Stein Arve anslår at det dreiar seg om to og eit halvt tonn, klart til å leverast, og samla inn på to og ein halv dag av elevane. Det er ingen tvil om at toktet slik sett er ein ubetinga suksess. Og for bedrifta Loyal også heilt naudsynt.

– Alle andre marknader er vekk, så vi må snu oss, sjølv om det eigentleg er ganske råflott å laste Norges flottaste skute med boss. Men det kostar omtrent 450.000 kroner i året berre å halde Loyal flytande. Til våren må vi inn med eigne midlar for å få gjort vårpussen på henne. Men det gjer vi. Det må vi. For neste år skal vi vestover og få tatt alle dei turane vi hadde tenkt å ta i år!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken