– Det var ikkje bra. Det var mykje å ta tak i både utvendig og innvendig, og det var mykje av det tekniske som ikkje fungerte. Eg brukte to år på å få huset opp på ein driftsmessig forsvarleg standard.

Krevjande utbygging

Det seier Amfi-leiar Rolf Arne Rognaldsen om starten i 2013. 1. mai skal han starte i tilsvarande stilling i Førde, som leiar for Alti-senteret der. Då står det eit heilt nyoppussa senter i Florø, klart til å ta i mot sin neste leiar.

Men han seier han visste kva han gjekk til, den gongen for vel seks år sidan.

– Då eg byrja i november det året, trur eg ikkje det var ei einaste lampe som lyste på senteret utvendig. Huff, du anar ikkje. Eg sa frå på første møte med butikkane at eg var klar over at tilstanden ikkje var bra, og den ikkje ville bli det dagen etter, heller. Men eg tar utgangspunkt i det eg har, og så må eg prøve å forbetre. Eg brukte lang tid og det var mykje styr. I 2015 hadde vi to prosjekt gåande samstundes – renovering av fasaden og eit stort branntryggingsprosjekt som innbefatta alt frå rømmingsdører til varslingsanlegg.

– Men når du då kom og ville gjere ting på ein ny måte – korleis blei du møtt?

– Eg blei veldig godt motteken. Og det har gått utruleg fint til dags dato; eg har eit godt forhold til alle leigetakarane. Men eg gjorde ein del endringar i høve informasjonsflyten og har forsøkt å vere flink der. No har vi ei utbygging som er veldig krevjande for butikkane. Men det har ikkje gått på kostnad av korleis vi er mot kvarandre.

Det var ein del tomme lokale då han kom. Spesielt i det søraustre hjørnet i tredje etasje, det som dei siste åra har vore merka «Barnas Kafé», har det vore vanskeleg å få nokon til å bli.

– Det er eit lokale som er vanskeleg å innreie til moderne butikkdrift. No held vi på å jobbe i det området. «Lille Kandis» skal flyttast inn i stor-Kandis, forklarar han, og let det skine gjennom at det nærmar seg signering av kontrakt for det gjenstridige lokalet.

Men han vil ikkje avsløre med kven.

– Vi håpar på ei avklaring så vi kan gå ut med det neste veke. Då er tredje etasje full.

Det blir gjort ein ganske stor jobb med brannsikring mot aust og Spenst-bygget. Kjem det to nye etasjar på toppen der, må senteret ha sin branntryggleik på stell.


Butikkar er viktige arbeidsplassar

Sidan Rolf Arne tok over i 2013, har netthandel blitt ei aukande utfordring for dei fysiske butikkane, og det er noko alle merkar. Detaljhandelen er under press og har vore det lenge. I 2018 utgjorde netthandelen i utanlandske butikkar 60,1 milliardar kroner, ifølge Statistisk sentralbyrå. Det er nesten fem gongar meir enn i 2010.

– For norske nettbutikkar er tilsvarande tal 68 milliardar. Det stuntet regjeringa foretok med tollgrensa kjem til å bli veldig utfordrande for dei som sel klede. Eg må seie det er ein merkeleg politikk at dei utanlandske nettbutikkane får betre vilkår enn norske, seier Rolf Arne, som meiner folk bør tenke seg godt om når dei handlar.

– Eg skjønar at pris er viktig. Men vi må prøve å oppretthalde butikkane. I høve sysselsetting er dei veldig viktige for ufaglærte, og dei er viktige som kvinnearbeidsplassar. Eg ser ikkje kva desse jobbane kan erstattast med om vi blir utfordra vidare like mykje som i dag. Kva skal folk gjere på?

For det er allereie tøft å drive butikk i dag.

– Ein må vere «på» heile tida, og ein må tenke over kva kanalar ein brukar til marknadsføring – print, sosiale media og så vidare. Det er tøft og det er hard jobbing, for ein må tene pengar, elles går det ikkje.

Florø ligg i enden av riksveg 5 og har berre primærmarknaden å leve av. Det er lite tilreisande som kjem for å handle hos oss, sjølv om dei arrangementa vi har i løpet av sommaren, som Sildebordet og Våt Moro bidreg litt. Men butikkane skal også leve gjennom resten av året.

– Difor blir utfordringane med netthandel kanskje endå tøffare for små stader som Florø.

– Eit stort ansvar

– Korleis påverkar utfordringane butikkane har din jobb som senterleiar?

– Eg må prøve å vere ei støtte for butikkane når dei får utfordringar. Det kan vere at nokon i periodar kanskje treng ei utsetting på husleiga, til dømes. Det ordnar vi, for vi har ikkje noko ønskje om å spenne beina under nokon, sjølv om det så klart er ei grense for kor langt vi kan strekke oss. Men då går det gjerne så dårleg at ein ikkje har noko val. Hovudfokuset mitt er å prøve å vere ei støtte for butikkane og hjelpe til med det eg kan.

Det kostar å drive handelshus, og det er opp til Rolf Arne å gjere vurderingar som ikkje påfører butikkane auka kostnader. Han har ein pott pengar som skal halde i eitt år, og det som har med drifta å gjere har høgast prioritet. Ein kan til dømes ikkje ha ei rulletrapp som står still i to månader. Reine investeringar blir gjerne først vurderte mot slutten av året når ein har litt meir oversikt over kva handlingsrom ein har.

– Det er eit ganske stort ansvar å ha kontroll på det. Men vi har ikkje hatt auke på felleskostnadane sidan eg starta, så eg trur eg har styrt det ganske bra.

Symbiosen med Strandgata

Det har vore sagt og skrive nokså mykje om samlivet mellom butikkane i Strandgata og på Amfi-senteret, men perspektivet har stort sett vore frå gata. Kva tenker senterleiaren om konstellasjonen?

– Fordelen er at vi ligg nær kvarandre, byrjar han, og peikar på at utfordringane hadde vore større om Amfi hadde lege utanfor sentrum.

Han meiner noko av utfordringa for butikkdrift i byens hovudgate, er at mykje av bygningsmassen ikkje eignar seg til det – ofte er lokala for små. I tillegg er det gjerne slik at det er fleire eigarforhold, og greier ein ikkje å trekke vekslar på kvarandre blir det vanskeleg å få inn folk.

Men der er også lyspunkt, og senterleiaren plasserer seg som ein klar tilhengar av dei store og omdiskuterte byggeprosjekta som har vore lenge bebuda.

– Eg trur ei utbygging av Trovik-kvartalet og rådhuset kan bli ein styrke for Strandgata. Dei kan få inn nye leigetakarar, og det blir eit flott område om dei greier å gjennomføre planane. At det blir meir urbant og folk flyttar til sentrum er positivt, for då blir det teke meir i bruk. Når det blir konfliktar, handlar det om at det ikkje er meir å bygge på i sentrumsområdet med mindre ein riv noko.

Men no er det berre nokre månader igjen til Rolf Arne vender nasen mot Førde og ein ny arbeidskvardag.

– Alti-senteret er mykje større. Og eg føler meg klar for litt andre utfordringar. Ja, det blir pendling – men det blir lagt opp slik at eg kan ta ein kontordag heime.

– Kjem du til å følge med på senteret i Florø?

– Ja. Det er jo babyen min! Men skulle eg ta eit jobbskifte, så var det no det var gunstig. No framstår Amfi-senteret som nytt og det vil bli lettare å drifte for den som skal inn. Det tekniske anlegget blir i større grad datastyrt, så det blir mindre behov for å vere fysisk rundt på ulike installasjonar. Men det er som med alt anna – når ein går inn i noko nytt, må ein vere villig til å lære. Elles vil det ikkje fungere.