- Vi som bur i Bremanger har det trygt, godt og fredeleg. Dessverre er det mange menneske som ikkje får oppleve så gode oppvekst- og levevilkår som vi har.
Slik innleiar ordførar Anne Kristin Førde og kommunedirektør Tom Joensen eit julebrev, der mottakaren er Ole Stenbakk.
I brevet går det fram at kommunen ønskjer å støtte Stenbakk og Build Aid sitt mangeårige bistandsarbeid i andre delar av verda med 25.000 kroner.
- Innsatsen Build Aid gjer i område der menneske har svake utviklingsmoglegheiter som følgje av fattigdom, handikap eller naturkatastrofer, er formidabel. Innsatsen til Build Aid for dei fattigaste i dei fattigaste landa, er noko som gjer inntrykk på oss, heiter det i julehelsinga.
Kommunetoppane legg heller ikkje skjul på at dei er glade for å ha Stenbakk og organisasjonen innafor si kommunegrense:
- At vi har innbyggjarar som Ole Stenbakk og Ingfrid Varpe Solheim, som er villige til å bruke så mykje tid og ressursar på å hjelpe andre, det gjer oss stolte, seier leiarduoen i helsinga si til Build Aid.
Ole Stenbakk legg ikkje skjul på at gåva kom overraskande:
- I dag er vi i BuildAid stolte og takknemlege. Ikkje berre for den flotte gåva vi har fått, men også for måten kommuneleiinga ser oss på. Vi må berre få takke for den flotte omtalen vi får frå vår eigen heimkommune Bremanger, seier Ole Stenbakk.