Som følgje av covid-19-pandemien permitterte Hurtigruta i mars 2020 store delar av arbeidsstokken.

Rett til løn i 12 månader

Permitteringa omfatta også ein resepsjonist som på det tidspunktet var sjukmeld og fekk sjukepengar frå folketrygda. Mannen hadde vore sjukmeld sidan sommaren 2019, og då retten til sjukepengar gjekk ut i mai 2020, kravde resepsjonisten sjukeløn frå Hurtigruta fram til månaden etter, altså til eitt år etter at han blei sjukmeld. I Skipsarbeiderlovas § 4-4 blir det slått fast at «Arbeidstaker som er arbeidsufør som følge av sykdom eller skade, har rett til lønn så lenge arbeidsforholdet består», men at retten fell bort dersom ein får sjukepengar frå Folketrygda, og uansett etter 12 månader.

Men då sjukmeldinga gjekk ut var mannen altså permittert, og Hurtigruta avslo mannens krav om løn. Dei viste til at permitteringa, og meinte at selskapet ikkje hadde plikt til å betale ut løn under permittering, utover det som følgjer av permitteringslønnslovas §3.

Hurtigruta blei frifunnen i tingretten. Den tilsette anka deretter saka til lagmannsretten, der det var han som fekk medhald. Her blei Hurtigruta dømd til å betale mannen vel 59.000 kroner i løn, pluss sakskostnadane hans i både tingretten og lagmannsretten; til saman 226.000 kroner.

300.000 kroner

Denne dommen anka Hurtigruten til Høgsterett.

I dommen sin skriv Høgsterett at første ledd av § 4-4 slår fast at arbeidstakaren har rett til løn når han er «arbeidsufør som følgje av sjukdom». Retten slo fast at eit arbeidsforhold ikkje opphøyrer før ved oppseiing eller avskjed, og at mannen sitt krav på løn ikkje fall bort under permittering. Den viste også til at historia bak § 4-4 i Skipsarbeiderlova er strekkjer seg langt tilbake, og er begrunna i sosiale verneomsyn for sjøfolk. Og sjølv om ei permittering inneber at arbeidsgivar midlertidig blir løyst frå lønnsplikt ut over arbeidsgivarperioden, er permitteringslønnslovas § 3 av ein annan karakter og meir å betrakte som ein reiskap for risikofordeling mellom partane i arbeidslivet.

Dermed landa Høgsterett på at Skipsarbeiderlova må få førerang. Dei forkasta Hurtigrutas anke, og selskapet blei dømt til å betale den tilsette til saman 300.000 kroner.

Den tilsette hadde bistand frå LO i Høgsterett, medan Hurtigruten hadde bistand frå Norges Rederiforbund og NHO Sjøfart.