Har du raud/oransje bil?

Her er spora av lakken til det andre køyretøyet-æ som ser ut til å vere i spekteret raudt-oransje.

Her er spora av lakken til det andre køyretøyet-æ som ser ut til å vere i spekteret raudt-oransje. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Har du raud/oransje bil og var på Evja i Florø tysdag midt på dag?

DEL

Då kan det hende du kan bli mistenkt for å ha skadd ein bil på ein parkeringsplass og stukke av frå hendinga.

Det skjedde ved Coop Mega i Florø tysdag mellom 12.30 og 13.00.

Denne typen bil vart skadd.

Denne typen bil vart skadd.

- Eg var inne og handla. I mellomtida hadde nokon køyrt på min Audi A3, som er lys grå på farge. Bilen som køyrde på må ha vore raud eller oransje ut frå lakken som ligg att i skaden på bilen min, seier Aud Marit Eikås, som ønskjer at den som gjorde dette skal få sjansen til å gjere opp for seg og lette litt på samvitet.

Ho har førebels ikkje meldt saka til politiet.

Artikkeltags