Han er sjef for årets butikk

Butikksjef Geir Gjerde i Svelgen kunne ta imot prisen for beste Prix-butikk i Coop Vest i 2017.

Butikksjef Geir Gjerde i Svelgen kunne ta imot prisen for beste Prix-butikk i Coop Vest i 2017. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Prix Svelgen er kåra til Årets Prix-butikk i Coop Vest. – Stort og overraskande, seier butikksjef Geir Gjerde.

DEL

Det var under ei samling på Skei nyleg at Coop Vest, som har 65 butikkar med 900 tilsette i 28 kommunar i Sogn og Fjordane og Sunnmøre, kåra dei beste butikkane i ulike klassar. Av Prix-butikkane var det Svelgen som stakk av med prisen.

- Ikkje sovepute

-  Fantastisk kjekt for alle våre tilsette, som gjer ein stor innsats og skal ha æra for dette, seier Gjerde. Butikken i Svelgen har 13 tilsette og nærmar seg 50 mill. kroner i omsetnad. Det er også einaste matvarebutikken i kommunesenteret i Bremanger, men Gjerde forsikrar om at det ikkje er noko sovepute.

- Nei, konkurransen både med Florø og Nordfjordeid er knallhard. Vi må vere på tå hev heile tida, og det vi gjer i dag er ikkje godt nok i morgon, seier Gjerde, som også har tru på at dei med tida kan bli Extra-butikk i Svelgen.

- Eg vil også nytte høvet å skryte av det gode systemet som Coop Vest har bygt opp, og det trykket organisasjonen vår held. Det er vi med og skummar fløyten av, seier han.

- Fortent pris

- Dei tilsette i Prix Svelgen gjer ein flott innsats, og er vel fortent denne utmerkinga, seier adm. dir. Geir Espe i Coop Vest. Han fortel at dei ved kåringa legg vekt på omsetningsauke, resultat og kundemålingar.

Artikkeltags