– Vi har stor tru på dette produktet, og gler oss til å sjå korleis det blir mottatt av kundane og medeigarane våre, seier kategoriansvarleg Stig-Ove Thorkildson i Coop Norge i ei pressemelding.

Thorkildson fortel at landbasert laks er eit utviklingsprosjekt for daglegvarekjeda.

– Vi startar med fire Coop Mega-butikkar i Oslo i første omgang, i tillegg til Coop Mega Fredrikstad. Laksen vil vere i butikk dagen etter den er slakta i Fredrikstad, så ferskare laks er det vanskeleg å få. Gjennom testprosjektet vil vi finne ut korleis den nye produksjonsteknologien påverkar kvalitet, haldbarheit og smak. Laksen frå Fredrikstad må sjåast på som ekt premium-produkt og vil bli noko dyrare enn konvensjonell laks. Det vil sjølvsagt ta tid å bygge opp produksjonskapasitet, så den landbaserte laksen vil berre vere eit supplement til konvensjonell laks i lang tid, seier han.

Kundane ønsker alternativ

Coop sine kundar og medeigarar har lenge etterspurt laks frå landbaserte eller lukka anlegg, skriv dei i pressemeldinga.

– Det er viktig å hugse at norsk oppdrettsnæring er ein formidabel suksess og at produksjonsteknologien stadig blir betre. Det er likevel utfordringar i næringa og vi er difor veldig nøgde med å no kunne tilby laks – om enn i avgrensa omfang – produsert på ein alternativ måte. Vi reknar med at laksefiskarane står klare til å kjøpe denne laksen, seier Thorkildson.

Nærleik til forbruker er viktig

Fredrikstad Seafoods er ein del av Nordic Aquafarms, som tar mål av seg til å bli ein leiande produsent innan landbasert oppdrett.

– Ein vesentleg fordel med landbaserte løysingar er sjølvsagt nærheiten til marknaden, seier Patrick Lorenzi i Nordic Aquafarms.

– Vi kan levere nyslakta laks til store delar av Europa i løpet av eit døgn frå Fredrikstad, og frå vårt anlegg i Danmark leverer vi Yellowtail Kingfish til topprestaurantar i hele Europa. Landbasert produksjon reduserer og fjernar fleire av dei utfordringane vi er kjent med frå produksjon i sjø, som lakselus, rømming, utslepp og ulike sjukdommar. Vi ser at laksen veks godt, og planlegg å bygge opp vesentleg kapasitet i fleire land, avsluttar Lorenzi.

Domstein Sjømat, som er Coop sin hovudleverandør av sjømat, er også positive til produktet.

– Laks er eit viktig produkt for våre kundar og vi synest det er spennande med produsentar som går nye vegar. Vi er sjølvsagt fornøgd med at Coop vil teste den landbaserte laksen. Med lokalt oppdretta laks frå Fredrikstad til Coop sine butikkar på Austlandet, så er dette også i tråd med vår strategi om å tilby lokal sjømat til våre kundar, seier Arild Svensen i Domstein Sjømat.