Spelar snart på ein bensinstasjon nær deg

No skal Statoil ta det siste steget i overgangen til Circle K.

1. mars skal Plumbo spele konsert på opninga til Circle K.

1. mars skal Plumbo spele konsert på opninga til Circle K. (Foto: )

DEL

Alt digitalt innhald for kr 29 til over påske

– Alt eksteriør skal oppdaterast og arbeidet byrjar i veke 7. Den veka vil det bli færre pumper i drift til same tid, men vi held ope som vanleg, fortel eigar Ruben Solheim.

– Eg berre håpar dei ikkje byrjar arbeidet på måndag føremiddag, seier han lettare svett og peikar ut på køane med bilar som ventar på å fylle drivstoff. Måndag er nemleg den travlaste dagen i veka for dei.

SIrkelen er komplett: Snart skal Statoil-logoen byttast ut med Circle K sin. Då blir det opningsfest med Plumbo-konsert.

SIrkelen er komplett: Snart skal Statoil-logoen byttast ut med Circle K sin. Då blir det opningsfest med Plumbo-konsert.

1. mars skal alt vere klart til høgtidleg opning med snorklipping og det heile. Trur han:

– Eg spurte ordføraren for ei tid tilbake om han ville klippe snora, men det har eg gløymt å følge opp. Eg håpar han framleis er med, ler Ruben.

I tillegg til snorklipping skal Plumbo spele konsert, og bensinstasjonen skal også lodde ut ein scooter.

– Vi skifta profil til Circle K for eit år sidan, så det skal bli godt å få siste rest på plass no, avsluttar han.

Artikkeltags