CHC får to nye år som vikar for Forsvaret i Florø

FLORØ: Mens vi ventar på Forsvaret sine nye helikopter, skal CHC Helikopterservice drive redningsbasen i to nye år.

DEL

Justis- og beredskapsdepartementet har vald å nytte den toårige opsjonen som gir CHC oppdraget med søk- og redningstjeneste i Florø. Det skriv CHC i ei pressemelding som er referert av Petro.no.

– CHC er godt nøgde med operasjonen og ser fram til å vikariere for 330-skvadronen fram til slutten av 2022, når Norge sine nye redningshelikopter vil vere på plass på samtlege basar, melder dei.

CHC fekk anbodet på drift av redningsbasen i 2016, og tok over drifta året etter.

Artikkeltags