Cara kan bli lyset i horisonten

Nærme Florø: Cara-prospektet ligg 55 kilometer frå kysten, berre 10 kilometer aust for gjøaplattforma. Illustrasjon: Engie

Nærme Florø: Cara-prospektet ligg 55 kilometer frå kysten, berre 10 kilometer aust for gjøaplattforma. Illustrasjon: Engie

Artikkelen er over 3 år gammel

ENGIE må kutte opptil 25 prosent av staben. Funnet av Cara er lyset i tunnelen selskapet treng.

DEL

TEMA: OLJE– Det er heilt andre tider no enn det var for berre to år sidan, og det påverkar oss i ENGIE også.Vi må sjå nærare på korleis vi skal drive framover, og korleis vi kan optimalisere og redusere kostnadene. Vi må vere meir robuste med tanke på eit lågare prisnivå.

Det sa leiar for feltutvikling i ENGIE Norge, Anne Botne, under Vekst i vest-konferansen i Florø.

Fjernar landegrensene

Eitt av grepa dei skal gjere er å fjerne dei nasjonale einingane. I dag har franske ENGIE, som tidlegare heitte GDF Suez, sjølvstendige einingar i både Norge, Nederland, England og sjølvsagt Frankrike.

– No skal vi bli eitt selskap, slik at vi alle kan dra nytte av kompetansen som finst ved kvar av dagens einingar, og slik unngå ein del «duplisering», seier Botne.

Til dømes skal ikkje lenger kvar eining ha sin eigen nasjonale administrerande direktør.

– No skal vi ha ein sjef, og ho skal sitte i Paris, legg Botne til.

25 prosent kutt

Men folk «på golvet» i selskapet vil også merke at selskapet legg om drifta. Mellom anna har alle over 58 år fått tilbod om tidlegpensjon, og alle tilsette kan søke om sluttpakke.

– Det er ikkje heilt fastlagt enno, men det kan bli opp til 20 prosent kutt i stillingar. Korleis dette vil slå ut mellom kontora våre i Florø og Sandnes, er heller ikkje fastlagt. Men det som er klart er at dei som jobbar offshore er utanfor denne prosessen, dei skal halde fram som før, strekar Botne under.

Lyspunkt i horisonten

For på sokkelen er det lyspunkt i horisonten. I september 2016 fann boreriggen Transocean Artic først gass, deretter olje, i Cara- prospektet (PL636).

Cara ligg 55 km frå kysten, berre 10 kilometer aust for gjøaplattforma. Iølge ENGIE ligg mengda oljeekvivalentar i prospektet på mellom 25 og 70 millionar fat.

– Vi har fått veldig gode resultat i testane på boreriggen. Reservoaret ser bra ut, strekar Botne under.

Ikkje avklart.

Så er spørsmålet: Kva no?

– Akkurat no held vi på å vurdere funnet, for å sjå kva det faktisk er vi har funne i brønnen. Så må vi vurdere korleis vi kan hente det opp, og om vi i det heile skal gjere det. Eg kan ikkje her og no seie at vi kjem til å bygge ut Cara. Mykje arbeid og avgjerder står att, men så langt har vi god tro på funnet. Rettshavargruppa tek sikte på å eventuelt levere ei søknad om plan for utbygging og drift innan februar 2019, seier Botne og legg til:

– Det er klart, Cara ligg i «bakhagen» til Gjøa, så det er mogleg å knyte det opp mot Gjøa, som trass alt er bygd for å kople opp andre funn i området.

For Florø og Fjord Base sin del vil ei utbygging på Cara uansett ha positiv verdi.

– Cara og andre funn i området vil vere med på å forlenge levetida til Gjøa, som igjen blir med på å halde oppe aktiviteten på Fjord Base. Det er viktig å legge til at 30 prosent av innkjøpa vi gjer til Gjøa, blir gjort lokalt, strekar Botne under.

Engie i Florø

  • 17 tilsette i Florø.
  • Florøbasen er ansvarleg for all baseaktivitet for Gjøa-plattforma: Plan for drift og vedlikehald, forsyning av materiell, helikoptertransport, tekniske tenester og anskaffelser.

Artikkeltags