– Kva betyr det eigentleg å vere «raus»?

Å vere ung er for jævlig: Ungdommen slit med den psykiske helsa, men det vil vi ikkje snakke om. Det er viktigare å vere raus.

Å vere ung er for jævlig: Ungdommen slit med den psykiske helsa, men det vil vi ikkje snakke om. Det er viktigare å vere raus.

DEL

ByhjorthenDen årlege verdsdagen for psykisk helse er landets største opplysningskampanje for psykisk helse. Mental Helse står som koordinator for dagen, på vegner av Helsedirektoratet. Over halvparten av landets kommunar er med, saman med iherdige frivillige, og i fjor sette dei ny rekord med over 1100 arrangement på landsbasis. Dagen markerast i over 150 land, og tema for årets verdsdag er «vær raus». Det er ein oppfordring eg ikkje har tenkt å følge.

Kva betyr det eigentleg å vere «raus»? Eg sit med ein kjensle av at det er i ferd med å bli eit nytt sånt moteord som er tømt for eit kvart innhald. Det er ullent. Det kan bety kva som helst. Kvifor har dei valt dette som tema for ein kampanje for å opplyse om psykisk helse? Kan politikarane vedta at vi skal vere rause med kvarandre? Nei, dei kan ikkje det. Dei kan i beste fall vere litt rausare når dei skal løyve pengar til psykisk helse i neste budsjettkonferanse. Kan ein slik kampanje verkeleg få folk til å bli rausare i kvardagen? Når eg går inn på nettsida til verdsdagen og les kva dei skriv kjenner eg at eg blir mindre raus for kvart einaste ord. Det er bomull. Det er billeg livsfilosofi som plukka ut av Aftenpostens Si ;D-spalte. Er det Kaptein Openberr som er leiar for årets kampanje?

Verdsdagen for psykisk helse er noko WHO driv med. Eg blei litt nysgjerrig på korleis dette såg ut på engelsk. Korleis omset man raus til engelsk om det er snakk om psykisk helse? Eg klikka meg inn på WHO sine sider, og der viste det seg at dei har eit litt anna tema. WHO sitt tema for verdsdagen for psykisk helse. Der handlar dagen om ungdom og mental helse i ein skiftande verd. Det handlar om korleis vi kan gjere tenåringane våre meir robuste i ein tid i livet der stressfaktorane er mange. Dette er viktig. Det er dette vi bør snakke om. Som ei venninne av meg som er lærer seier. Eg skulle verkeleg ønske det blei snakka rett ut om ungdom, psykisk helse, og den tida vi lever i. For noko er i ferd med å skje rett føre auga våre. Ungdommen mister framtidstrua. Foreldra er i varierande grad kopla på den røynda ungane lever i. Det har blitt lettare å vere open om psykisk helse, men det har kanskje også ført til at orda har flytta rundt på seg. Det er mykje lært kommunikasjon som at det å vere trist = angst og depresjon. Vi har fått større openheit, men det har ikkje gitt oss meir kunnskap. Vi må snakke meir om dette.

Psykiske helseplager blant ungdom er aukande. Det er dette vi må snakke om. Her kunne vi fått mange gode diskusjonar om unge, mental helse og samfunnet vårt, men nei då. Vi lagar heller vårt eige tema. Det er rein idioti. Kvifor i alle dagar må vi finne på eit eige tema til verdsdagen for psykisk helse når WHO sitt tema er så godt, aktuelt og ikkje minst viktig som det er i år? Og når vi først skal finne på eit eige tema, kvifor må vi finne eit som er så ufarleg og pusete som «vær raus»? Kvifor må det vere så forbanna koseleg?

Årets tema er fullstendig avpolitisert, og ufarleggjort. Det kjem ikkje til å skape verken endring eller refleksjon. Det er meiningslaust. Er det Helsedirektoratet som pressar gjennom desse meiningslause kampanjane, og Mental Helse sit heilt roleg i båten og er einige av di dei ikkje vil bite handa som gjer dei mat og løyvingar over statsbudsjettet? Er det så enkelt som at vi heller vil snakke om å vere raus fordi det kan fungere som kamuflasje fordi vi ikkje vil snakke om dei tinga som er meir krevjande? Det kostar ikkje ein krone å seie at vi vil ha eit rausare og varmare samfunn. Ingen treng å gjere vanskelege prioriteringar om kor pengane skal kome frå. Skal vi snu trenden med at ungdom får stadig meir problem med den psykiske helsa vil det krevje noko av oss, og vi kan måle resultatet. Korleis kan ein måle om eit samfunn har blitt meir raust?

Hadde det ikkje vore ein idé at verdsdagen i Norge faktisk hadde same tema som den internasjonale verdsdagen for psykisk helse? Eg meiner, det er ikkje eit særleg raust signal vi sender til WHO når vi kvart einaste år forkastar deira tema og finn på vårt eiga?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags