Kor lang er vegen frå «edgy» humor, til haldning og vidare til handling?

RAGEFACE: Eit internett meme er gjerne eit humoristisk bilde som spres raskt frå person til person via sosiale medium, nettforum eller liknande.

RAGEFACE: Eit internett meme er gjerne eit humoristisk bilde som spres raskt frå person til person via sosiale medium, nettforum eller liknande.

DEL

ByhjorthenInspirert av Anders Behring Breivik tok Brendan Tarrant livet til 50 menneske i det verste terroråtaket i historia til New Zealand. Lik vår eigen Fjotolf publiserte Tarrant eit manifest på internett før han tok på seg eit kamera og gjekk ut for å drepe folk live på Facebook. Det første Tarrant seier i videoen er «Remember, Lads, subscribe to PewDiePie». Den trefte meg rett i bekymringsnerven, berre eit par dagar tidlegare hadde eg snakka med husets 12-åring om nettopp PewDiePie. Utan eigentleg å nå fram.

PewDiePIE heiter eigentleg Felix Kjellberg og er ein svensk YouTube-stjerne. I skrivande stund har han over 90 millionar abonnentar på kanalen sin på YouTube. Han har fått mykje kritikk, mellom anna for å bruke det rasistiske ordet «nigger», for å bruke nazi-bilde i enkelte videoar, og for å kome med antisemittiske vitsar. Tilbake i 2017 betalte han nokon 5 dollar for å halde opp ein plakat med «Death to all Jews». Noko som gjorde at han mista ein kontrakt med eit Disney-eigd selskap. PewDiePie har blitt nemnt og hylla av nynazistar og kvit maktfolk for vitsane sine. Sjølv nektar han for at han er antisemittisk, eller på noko vis støtter hatefulle haldningar eller handlingar.

Eg har ein viss sympati med den svenske youtubaren. Han fortener ikkje å bli kopla til Christchurch-mordaren på den måten, og eg har stor forståing for at dette må vere kjipt. Men kvifor hamna han der? Kva i alle dagar var det Tarrant ville med det?

Sjølve referansen «Subscribe to PewDiePie» er eit meme i seg sjølv, og videoen og manifestet til Tarrant er stappfulle av slike referansar. Det er trolling på høgt nivå. Han skriv at han har lært etno-nasjonalisme av å spele Spyro the Dragon. Fortnite lærte han å flosse over lika av sine fiendar. Det er berre vrøvl, og han veit det. Det er ein felle for sånne som meg. Middelaldrande journalistar med minimal kjennskap til dei anonyme subkulturane på internett. Oss som er på leit etter meining og bodskap i det Tarrant har lagt igjen til oss. Store deler av manifestet, og PewDiePie-kommentaren er der berre for å skape forvirring.

Det er ikkje på nokon måte rettvist å legge så mykje som eit gram med skuld for dei 50 døde i Christchurch på ein svensk youtubar som tilfeldigvis blei nemnt av drapsmannen i drapsvideoen. Eg trur likevel det er nokon av oss som bør bruke litt tid på å undersøke kva som eigentleg går føre seg på guterommet. Både våre eigne, og dei mørke guteromma ute på internett. For dette er lite kartlagt, og lite snakka om. Sjekk ut YouTube, Reddit, 4chan og 8chan, og du skal ikkje grave veldig djupt før du finn lastebillass med kvinnehat og rasisme. Gjerne pakka inn som morosame memes, med så tjukke lag med ironi at det er umogleg å vite kva som eigentleg er bodskapet.

Det er jo berre kødd, er svaret eg fekk av husets YouTube-ekspert då eg prøvde å snakke med han om PewDiePie. Det er greitt, det er vel slik det skal vere. No har eg blitt han gamle fyren som ikkje skjønar seg på ungdommens humor. Slik Rolv Wesenlund i sin tid kritiserte «den nye humoren», representert ved Otto Jespersen, Bård Tufte Johansen og Harald Eia. Felix Kjellberg er sikkert ein kjekk kar, og dei fleste som likar YouTube-videoane hans kjem sikkert til å bli gode samfunnsborgarar. Eg klarar likevel ikkje å riste av meg uroa. Det er ein nihilisme i dei anonyme nettfora som eg finn skremmande. Ingenting betyr noko. Ingenting er alvorleg, og dei som ikkje tek humoren er verdilause. Eg funderer på kva rolle internett spelar i radikaliseringa av unge menn. Kor lang er vegen frå «edgy» humor, til haldning og vidare til handling?

I manifestet sitt oppmodar Tarrant sine meiningsfeller om å halde fram med å skape, poste og spreie desse memene. «Memes hav done more for the ethno-nationalist movement than any manifesto» er bodskapet.

Eg er stygt redd for at dette er noko av det sannaste som står i dette manifestet.

Artikkeltags