Babylon, baby!

HENGANDE HAGAR: I Babylon kunne dei lage fest på nyttårsaftan. Og alle andre dagar. Illustrasjon: H. Waldeck/Wikipedia

HENGANDE HAGAR: I Babylon kunne dei lage fest på nyttårsaftan. Og alle andre dagar. Illustrasjon: H. Waldeck/Wikipedia

DEL

I norsk samanheng er nyttårsfeiringa i Florø eit kaotisk og unikt spetakkel utan sidestykke. Men det å feire nyttår er jo ein gamal tradisjon. Dette med å feire det nye året med fest og moro er noko som strekk seg heilt tilbake til Babylon for 4000 år sida. Akitu-festen kalla dei det, og var det noko babylonarane kunne så var det å stelle til med kalas. Meininga med festen var å feire korleis guden Marduk skapte verda. Ifølge Enuma Elish-myten drap Marduk sin kvinnelege rival, Tiamat, og skapte himmelen og jorda ut av skrotten hennar. Det høyrast kanskje litt drastisk ut, men Tiamat var ei pest og ei plage som terroriserte dei gamle gudane. Nokon måtte ta ansvar, og Marduk hadde eit magisk nett og kontroll over dei fire vindane. Då Tiamat opna kjeften for å sluke Marduk sende han nordavinden rett inn i gapet hennar, og knuste skallen hennar med ein diger klubbe. Dermed blei det orden i universet, og om ikkje det er verdt ein fest så veit ikkje eg.

Feiringa i Babylon sto i stil til denne skapingsmyten, og mange av rituala var skapt for å glede gudane. Etter å ha gått gjennom byens gater med statuar av gudane, ikkje ulikt Kjippen, gjekk dei på kongen. Han blei strippa for sine regalier, så måtte han sverje på at han hadde styrt byen med ære. Etter det blei han fika opp av ypparstepresten, som også drog kongen i øyra for å få han til å gråte. Det var noko med at det å få kongen til å gråte var med på å styrke kongens makt og gudgitte autoritet. Eg tenker at dette kan vere noko å tenke på for Ola Teigen, no som han har mista fleirtalet i bystyret. Hadde han blitt avkledd, fika opp, dratt i øyra og grått i Kjippen hadde han kanskje fått all autoritet tilbake. Og sjølv om det ikkje verka hadde det i det minste vore ganske morosamt for alle oss andre.

Det var også i Babylon dei fann på det her med nyttårsforsett. For å halde seg på godsida til gudane lovde folket i Babylon at dei skulle betale tilbake gjeld og levere tilbake jordbruksutstyr dei hadde lånt i det nye året. Dette hevdar historikarane er røtene til våre nyttårsforsett. Men der folka i Babylon var praktiske, og opptatt av å gjere gudane glade er vi langt meir sekulære og sjølvopptatte i den vestlege verda i 2019. Våre nyttårsforsett handlar mest om oss sjølv. Hovudsakleg om at vi skal ete mindre, trene meir, bli tynnare, sprekare, og bruke mindre tid på Facebook. Særleg. Vi feiler spektakulært i alt saman lenge før påske dei fleste av oss.

Kvifor får vi aldri til dei nyttårsforsetta hender det eg spør meg. Ein skulle tru alt låg godt til rette for å starte nyåret med blanke ark. Vi har alle sett filmar som viser korleis ein i militæret må bryte mennesket ned før ein kan bygge det opp att til å bli ein god soldat. Etter julefeiringa er dei fleste av oss like langt nede som ein meinig soldat tre dagar inne i helvetesveka. Knust av slit, strev og brotne forventningar ligg vi der. Nedbroten, med trynet langt nede i gjørma ventar vi på at sersjanten skal kome og bygge oss opp att. Ein skulle tru at alt låg til rette for å reise seg opp på nyåret og skape ein ny og betre versjon av seg sjølv, men nei. Måla vi set for oss sjølv er vi ikkje i nærleiken av å oppfylle. Fitbiten er snart inst i dingseskuffen. Meierismøret tilbake på brødskiva. Vi er den same gamle personen vi alltid har vore.

Noko av svaret er kanskje at den typen terapi der ein prøver å bryte nokon ned, for så å bygge dei opp att berre verkar på folk som allereie har eit positivt sjølvbilde. For alle oss andre er nedbrytinga berre destruktiv. Eg trur også det er lurt å ha realistiske nyttårsforsett. Som i Babylon. Betale ned gjeld og levere tilbake kantklipparen til naboen er overkommeleg. Det er billegare enn eit årskort på Spenst. Dessutan er det ikkje mogleg å både trene meir, og bruke mindre tid på Facebook. Seriøst. Kven gidd vel å trene om ein ikkje kan legge ut eit skrytebilde på Facebook mens ein held på? Ikkje eg!

I Babylon kunne dei feste, men kalender var dei ikkje så gode på. Dei feira nyttår i april. Om du allereie har brote nyttårsforsetta dine i år kan du jo lage nokre nye til då. Lykke til og god nyttår.

Artikkeltags