«Kyss nokon som er under 20 år gammal, og du kan feste separasjonspapira i lua»

PARTY ON: I kveld er det lov å vere hore, grårussen drikk deg under bordet!FOTO: Duncan Price (CC BY-SA 2.0)

PARTY ON: I kveld er det lov å vere hore, grårussen drikk deg under bordet!FOTO: Duncan Price (CC BY-SA 2.0)

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det er den tida på året igjen. Kvar augneblink no, så har vi dei her. Fargerike, høgrøysta, og dønn irriterande kjem dei vrikkande ut på gater og torg i sine raude og blå uniformer. Dei sig rundt i stygge bilar med store stereoanlegg og plager oss andre med dritmusikken sin. Hyler, skrik og lèt som om dei er skikkeleg fulle. Det skulle ikkje forundre meg om dei har sex med kvarandre også. I rundkøyringar og andre plassar. Heile tida. Anten dei vil eller ikkje. Faen ta dei. Sjikkelakke-sjikkelakke, dumme som brød. Den forbanna russen er her igjen. Verre enn pålemakk, som han sa Oscar Wilde: Ungdom er bortkasta på ungdommen.

Eg er sjølvsagt berre gammal og bitter for at mi tid er over. Det svir at eg aldri skal få utnytta rundkøyringanes fulle potensial. Men må det verkeleg vere slik? Kan ikkje vi som har nådd den mørke mellomalderen ha det moro? Kan vi ikkje vrikke på hoftene og rope at det er lov å vere hore i kveld? Russen feirar at dei er ferdig med tolv år på skulebenken. Vi som har bikka femti burde få lov til å få tre veker i mai til å feire at vi har overlevd endå eitt år i arbeidslivet, utan å ha blitt nedbemanna, skrekk-effektivisert, vekkrobotisert eller hamna på gulltrygda. Det er ein prestasjon verd opptil fleire sjikkelakker, jazzbomber, julekaker og heimebakt brød. Kvifor skal ikkje vi vaksne kunne ta oss tre veker på idiotfylla? Vi har fortent det, og kva elles skal vi bruke mai til? Eg vil slå eit slag for grårussen. Gje meg ein flaske Lagavullin så skal eg drikke småripsa under bordet når som helst!

Vi som har bikka femti burde få lov til å få tre veker i mai til å feire at vi har overlevd endå eitt år i arbeidslivet, utan å ha blitt nedbemanna, skrekk-effektivisert, vekkrobotisert eller hamna på gulltrygda.

Grårussen kjem til å råkke bolle. Vi må sjølvsagt ha egne knutereglar, tilpassa alder og funksjonsnivå. Sitt under skrivebordet på jobben ein heil arbeidsdag, og du får ein linjal i lua, to paracet og time hos fysioterapeut. Kjem du edru på jobb, får du ein farriskork i lua, rare blikk frå kollegaene, og ein helsikes lang dag. Be om sextips frå ei eldre dame frå Havreneset som ringer for å klage på at ho ikkje har fått avisa i dag, og du kan smykke deg med ei sikringsnål i lua og ei politimelding på kjøpet.

Om du ropar ut «Hallelujah» til alt sjefen seier, kan du feste eit kors i lua, og kanskje får du lønnsauke i tillegg. Klarar du å gå heile grårussetida utan å klinke til nokon av kollegaene dine med knyttneven, får du sjølvsagt lov til å henge på eit peacemerke. Kyss nokon som er under 20 år gammal, og du kan feste separasjonspapira i lua. Gå bak sjefen i ein time, medan du hermer etter alle bevegelsane han gjer, og du kan feire med ein apekatt og eit blått auge. Bad naken i fontena i Kyrkjeparken og du får lungebetennelse, blærekatarr og ein ispinne i lua. Sett fyr på Trovik-kvartalet og du får alt du vil ha.

Dette trur eg kjem til å slå an, men ein viss standard må vi ha. Det handlar om verdigheit. Vi skal ikkje gå i kjeledress. Eg tek meg ikkje godt ut i kjeledress. Nei, grårussen må vere respektabel. Pen i tøyet. Vi kan ha grårussblazer og borsalinos. Og hatten skal vere på når vi er ute og rullar. Vi skal kaste oss over omgrepet «gammal mann med hatt» og gje det eit heilt nytt innhald. Vi skal ha dei kulaste russebilane, med bumperstickers der det står slikt som «Ikkje le, mor di rullar med oss», «Eg rullar med mor di», eller kanskje «Når eg ikkje køyrer denne grårussebilen, køyrer eg mor di i senga». Det kjem til å bli episk. Vi skal rulle i svømmeringar, kjønnsorgan og pengebingar. Tre veker i mai. Det er alt vi ber om!

Det blir med draumen. Vi får det sjølvsagt ikkje. Vi har for mykje å gjere. For lita tid å gjere det på. Vi kan ikkje bruke tre veker på ein diett av Circle K-burgarar og alkohol. Vi veit det, og difor blir det dobbelt så ille å sjå russen herje på som om det ikkje kjem nokon morgondag. Faen ta dei! Heldigvis finst det trøyst. Empiri viser at russen faktisk blir mindre og mindre for kvart år som går. På åtti- og nittitalet var russen fullt utvaksne kvinner og menn. No til dags er dei knapt 145 centimeter høge, og har framleis litt tid igjen før dei er kjønnsmodne. Om denne utviklinga held fram er russen så liten at du må fram med lupe for å sjå han om ikkje så mange år.

Det gler eg meg til! Vilt! Bow-bow-bow!

Artikkeltags