Sjørøveri er i vinden. Førre helg drog skuta «Svanhild» på tre utselde sjørøvartokt, der barn i alle aldrar hadde kledd seg ut som piratar for å jakte på gull i Florevika. Det er eit mysterium: Kva er det eigentleg som er så innmari gøy med å spjåke seg ut som ein påfugl, rope arrrgh, og vifte med sverdet? Svaret er enkelt. Det er Kaptein Sabeltanns skuld. Kabelsatan og hans forderva alter ego, Terje Formoe. Utdanna lærar. Mislykka visesongar. Som bitter marknadssjef i Kristiansand Dyrepark fann han ut at han skulle ta hemn på det norske folk. Resultatet var Juliussangen, og den hersens sjørøvarfjotten. Eg er så lei at eg trur eg spyr.
Er det dette vi skal by ungane våre? Høgrepropaganda? Eg tru ikkje det!
Byhjorthen
Det er lange tradisjonar for piratverksemd i Norge. Vikingane var sjørøvarar gode som nokon. Dei plyndra dei som var svakare enn dei. Rømde om dei møtte nokon som var sterkare, og var dei på like fot kunne dei i det minste drive litt bytehandel. Det vart fort så dårleg stemning om dei plyndra naboen, så dei heiste segl på langskipa og drog over havet i staden. Der tok dei alt dei fann av verdi og vakre kvinner, før dei drog heim att til heider og ære. Vikingtida tok slutt, men vi gav oss ikkje. Alv Erlingsson den yngre herja på mot danske og tyske handelsskip mot slutten av 1200-talet. Han vart omtala som ein mektig sjørøvar. Tyske skip vart angrepet på ope hav. Mannskapet drepne, og byttet ført heim til Norge. Hans menn gjekk i land i Skagen, i Horsens og i Kalundborg. Dei laga songar om han der han hogg ned riddarar for fote slik at enker og barn gret i Rostock. Dei var livredde for han både i Danmark og i Tyskland.
Seinare skulle det komme ein ny gullalder for norske sjørøvarar, med krigen mot Storbritannia i 1807 til 1814. Mange nordmenn drog i kaperfart, med kaperbrev ferda ut av styresmaktene. Med eit kaperbrev i handa var du sikra immunitet i ditt eige land. Til gjengjeld måtte du nøye deg med å berre kapre fiendtlege skip. Eg er sjølv av piratslekt. Ein tipptippoldefar hadde kaperbrev og herja på langs kysten, og særleg sørlendingane omfamna denne ordninga med liv og lyst. Mange gjorde gode pengar på kaperfarten. Frå små og opne båtar der mannskapet berre hadde handvåpen til rådigheit, opp til store skip med tre master og opp til 20 kanonar. Hadde du ein båt, kunne du bli pirat. Det var tider!
Forteljingane om Kaptein Sabeltann heng ikkje på greip. Dei er skamlause opphopingar av klisjear, surr og vissvass. Nøkkelen til suksessen er dei enerverande songane som er umogleg å få ut av hovudet. Det verste er likevel at han ikkje på noko vis trekker vekslar på den rike norske pirathistoria. Det finst ikkje eit snev av sørlandsk pirat i den karen. Nokon viking er han ikkje. Han er ein disneyfisert sjørøvar i den karibiske tradisjonen. Ei blanding av Kaptein Krok og Long John Silver. Nyleg blei han diagnostisert som fullblods psykopat av lege Anne Freuchen i boka Game of Life III – Juliusvariasjonene. Det vil seie at han har ein uttalt mangel på forståing for andres følelser, ikkje tar omsyn til sosiale forpliktingar, har ein låg terskel for aggresjonsutbrot og valdsutøving og ein åtferd på tvers av samfunnet sine sosiale normer. Som kaptein er han arbeidsleiaren frå helvete. Flat struktur. Demokrati på arbeidsplassen. Fagforeiningar. Trepartssamarbeid. Kongen på havet fnyser av slikt.
Er det dette vi skal by ungane våre? Høgrepropaganda? Eg trur ikkje det! Fyren er like framandarta som pukkellaksen i norske elver. Han burde ha vore klubba i hovudet og lagt til i svartelista over uønskte artar i landet. Likevel valfartar vi til Kristiansand for å sjå «Den sorte dame» seglar inn på Kjuttaviga år etter år. Meir enn 1.3 millionar menneske har vore innom sida starten på nittitalet. Dette har gjort at Sabeltanns far Terje Formoe, ifølge NRK, hadde ei privat skattekiste på over 16 millionar kroner i 2014.
Det er kanskje meir landevegsrøveri enn piratverksemd, men her er det mange som har blitt flådd. Dette må vi få sett ein stoppar for. Sjørøveri vart straffa med døden på 1800-talet. Den straffa er det på tide å gjeninnføre. Kaptein Sabeltann må døy!