«Eg har så dårleg kondisjon at eg berre orkar ein spurt i veka. Eg må planlegge nøye om eg skal ta den på tysdag eller torsdag»

LIVSFARLEG: Fotball for dei over ein viss alder er ikkje trygt. FOTO: Sam Saunders (CC BY-SA 2.0)

LIVSFARLEG: Fotball for dei over ein viss alder er ikkje trygt. FOTO: Sam Saunders (CC BY-SA 2.0)

DEL

MeiningarEg har begynt å spele fotball igjen. To gonger i veka møtes ein gjeng gutar i si beste alder, men kanskje ikkje i si beste fysiske form, i ein gymsal på ein skule i nærleiken for å leike med ballen. The Beautiful Game. O Jogo Bonito. Det vakre spelet. Dei som fant opp det kallenamnet på fotballen har nok aldri sett middelaldrande menn barke saman på dødsens alvor i ein litt for trong gymsal. Men det er sabla moro. Eg blir 12 år i hovudet igjen, og prøver på finter som sat som eit skot for 30 kilo sidan. Dei lukkas aldri no, men det hender eg får ballen i mål. Då ligg eg våken om kvelden og tenker på det. Herregud.

Eg la fotballskoa på hylla i 1999. Det var etter ein bedriftskamp i Grenland for Bohem Radio. Eg måtte stå i mål, og var uheldig og tråkka over. Det var ikkje snakk om å gå av bana sjølv om eg ikkje kunne legge vekt på foten utan å døy. Først då eg tråkka over for andre gong måtte eg bite i kunstgraset og hinke av bana. Ankelen var mørkeblå, og sambuaren som er fysioterapeut hadde aldri sett noko verre. Men ho var ung og uerfaren den gongen. Det var ikkje noko å grine for. Berre ein bagatell. Men eg har ikkje spelt fotball sidan den gong. Før no.

Hittil har det gått bra. Eg har problem med å kome meg opp trappa på kvelden, og opp av senga på morgonen. Det gjer så vondt i kroppen. Men eg har ikkje skada meg. Hittil. Eg veit jo at det ikkje kan vare. Folk over ein viss alder bør halde seg til å gå på veggane. For ikkje så lenge sidan kunne vi lese i Aftenposten om korleis det går når folk som er fjorten i hue og over førti i kroppen skal drive ballidrett. På NM i veteranhandball i Trondheim blei det registrert 90 skader i løpet av helga. Talet var venta å auke i dagane etterpå. Talet på korsbandskadar var ikkje ferdig registrert. Fem spelarar fekk akillesen rive av. Noko arrangørane var kjempenøgde med, for sist gong Trondheim arrangerte NM i veteranhandball rauk det med 14 akillessener.

Det kunne vore freistande å spørje om kor sunt dette eigentleg er. Og kva med samfunnskostnadane? Kor mykje av det totale sjukefråveret kjem av skader som oppstår i bedriftskampar eller old boys-idrett? Det har vore hevda at skader frå bedriftsidrett står for over 50 % av fråværet ved enkelte bedrifter, men dette er berre anekdotar og kompisforsking. Det finst ikkje seriøs forsking som peikar på gæmlissidretten som eit problem på denne måten. Snarare tvert i mot. At folk er for lite aktive er eit mykje større helseproblem enn leddbandet som ryk den dagen eg trakkar skikkeleg over der oppe i gymsalen.

Folkehelsegalningane meiner at vi beveger oss for lite. Ein halv times aktivitet kvar dag er eit minimum seier dei. Eg er usikker på om fotballøktene mine eigentleg kvalifiserer. Eg har så dårleg kondisjon at eg berre orkar ein spurt i veka. Eg må planlegge nøye om eg skal ta den på tysdag eller torsdag. Og den spurten varer ikkje i ein halv time, for å seie det slik. Men eg føler at eg spelar fotball slik Gerhardsen bygde landet. Eg yt etter evne. Eg får etter behov. Det får vere som det er. Ein spurt er uansett betre enn ingen spurt.

Arvid lærte meg å takle. Han var far til kompisen min, Tom, og ein skikkeleg dødsback av den gamle skulen. Berre legg kroppen vassrett når du skal tackle, så spelar det ingen rolle kor stor og tung motspelaren er, sa han. Du får ikkje vondt, og du vinn taklinga. Det tok eg til meg, og i sommarferien då vi spelarane på gutelaget fekk lov å trene med A-laget fekk eg testa det i praksis. Det funka som berre det. Eg vann taklingar, og eg fekk ikkje vondt ein plass. Sist eg var i hallen var det ein duell om ballen. Det var fifty-fifty, og gamle gode Arvid dukka opp i hovudet mitt med det gode rådet sitt. Eg lente kroppen så langt til venstre som eg kunne, samtidig som eg dundra til med høgreslegga. Den teknikken funkar som old boys-spelar også. Eg trefte ballen klokkereint, og vann taklinga. Det gjorde ikkje vondt. Ikkje det minste!

Men motspelaren hinka av bana med brest i tåa. God helg!


Artikkeltags