«Populærkulturen seier ofte meir om samfunnet den oppstår i enn meir seriøse verk gjer»

STILL GOING STRONG: Rambo tek seg tid til eit måltid mat i den siste Rambo-filmen. Så starter drepinga. FOTO: Yana Blajeva/Lionsgate via AP

STILL GOING STRONG: Rambo tek seg tid til eit måltid mat i den siste Rambo-filmen. Så starter drepinga. FOTO: Yana Blajeva/Lionsgate via AP

DEL

MeiningarEg hugsar då «First Blood» kom på kino i Norge. Det var første gongen vi høyrde om John J. Rambo. Vietnamveteranen. Krigaren. Werner på videosjappa snakka om ein tøffing med ein diger kniv som banka opp ein heil politistasjon. Filmen hadde 18-årsgrense, og eg var ikkje gamal nok. Eg fekk ikkje sett den før den kom på VHS, men der og då var det den beste filmen eg hadde sett. Den var fantastisk.

Oppfølgaren så eg på kino. Det var stas. Etter filmen hadde alle gutane plutseleg fått svære appelsinar under armane og såg ut som om dei kom rett frå brytelokalet. Rambo drog tilbake til Vietnam for å vinne Vietnamkrigen aleine. At den krigen tok slutt meir enn ti år tidlegare var ikkje så viktig. Heller ikkje at den i tone var ganske annleis enn den første filmen som eigentleg har eit bodskap som seier at krig er noko drit. Men slikt var eg for ung og dum til å forstå meg på den gongen. Eg elska den.

Ingenting er over, sa Rambo på slutten av den første filmen, og det hadde han rett i. Sylvester Stallone var 36 år då han tok på seg army-jakka og pakka rambokniven i sekken for første gong. Nå er han 73 år gamal, Men både Stallone og Rambo held koken. Den femte Rambo-filmen, «Last Blood» gjekk nyleg på kino, og den gamle krigshelten som slit med å tilpasse seg eit liv i fred hamnar i trøbbel igjen. Denne gongen er det mexicanske menneskesmuglarar som er problemet, og Rambo veit framleis korleis han skal drepe folk på oppfinnsamt vis.

Filmen fekk ganske hard medfart blant filmkritikarane Det kan hende det var fortent. Sjølv om eg lét meg underhalde er ikkje «Last Blood» nokon stor film. Likevel var det påfallande kor lite kunnskap nokre av kritikarane hadde om Rambo og filmane hans. Hobbelstad i Dagbladet, som eg vanlegvis les med stor glede, skreiv om «First Blood»: «Tittelen var talande: Rambo skulle meie ned folk for fote i løpet av filmen, men det var trass alt de andre som begynte.»

Men dette er feil. Rambo meier ikkje ned for fote i «First Blood». Han er patriot. Han drep ikkje amerikanarar. Det dør ein einaste person i den filmen, og han fell ut av eit helikopter då Rambo kastar ein stein på det. Det er eit uhell. Ikkje noko Rambo ønska. Han burde brukt setebeltet.

Rogne i Aftenposten går i den same fella. Ho skriv at den første Rambo-filmen flytta grenser for ekstrem bruk av vald på film i Norge, men det er heller ikkje riktig. Den er ikkje spesielt valdeleg. Det er mykje skyting, men lite blod eller svært grafisk vald. Det kjem ikkje før i den fjerde flmen.

Det er synd at dei store avisene sender folk som ikkje har særleg interesse for gladvald og maskulin moro på film til å melde filmar som «Last Blood» For sjølv om den siste Rambo-filmen ikkje er stor filmkunst er det mogleg å seie mykje interessant om karakteren si reise gjennom den amerikanske kulturen. Frå eit desillusjonert anti-krigsbodskap, via flaggveivande patriot utan skruplar, til dagens Rambo. Ein paranoid gamal gubbe som tek med seg krigen heim til gards. Frå Reagan til Trump. På kva måte er John J. Rambo eit spegelbilde av USA dei siste førti åra? Populærkulturen seier ofte meir om samfunnet den oppstår i enn meir seriøse verk gjer.

Rambo-filmane viser korleis ting endrar seg med tida. I den tredje filmen hamnar Rambo i Afghanistan der han slåst saman med Mujahideen-opprørarane mot den sovjetiske overmakta. Det seiast at i originalmanus blir Rambo verande hos geriljaen for å hjelpe dei vidare i deira utrettelege kamp mot Sovjetunionen. Hadde det ikkje blitt endra kan ein spekulere i korleis det hadde gått vidare for vår helt. For deler av Mujahedin blei til Taliban som samarbeida med Al Quaida før angrepet på World Trade Center. Hadde Rambo enda opp som terrorist om dei ikkje hadde endra manuskriptet og latt Rambo bli?

Det hadde unekteleg opna for ein svært interessant fjerde film. Rambo kjem heim!


Artikkeltags